Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeidar med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedommar, samarbeidstiltak mellom eigedommar, klarlegging og fastsetting av eigedoms- og bruksrettsgrenser, andre rettstilhøve som gjeld fast eigedom, ulike skjønn m.m. Landet er delt inn i 34 jordskiftesokn med til saman om lag 260 tilsette.

 

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.

 

Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

 

Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.

Embete som jordskifterettsleiar ved Nord- og Midhordland jordskifterett og Indre Hordaland jordskifterett

Med atterhald om styret si godkjenning, er det vedteke at Nord- og Midhordland jordskifterett, i Bergen og Indre Hordaland jordskifterett, på Voss, skal ha felles leiing, som ein fast ordning. Kontorstaden vil vere på Voss. Ein føresetnad er at jordskifterettsleiaren også vil være til stades ved Nord- og Midhordland jordskifterett, i Bergen.

Nord- og Midhordland jordskifterett har per i dag til saman fire dømande årsverk, inklusive domstolleiar, og ei samla bemanning på ni årsverk. Indre Hordaland jordskifterett har per i dag til saman tre dømande årsverk, inklusive domstolleiar, og ei samla bemanning på fem årsverk.

Ved utnemning av jordskifterettsleiar vil det bli lagt vekt på at søkaren har høgt fagleg nivå, leiarerfaring og fokus på å modernisere og vidareutvikle domstolane. Digitale løysingar er eit satsingsområde framover. To kontorstader gir nokre nye dimensjonar for leiing, blant anna korleis ein skal leia medarbeidarar som ikkje er samla på éin stad. Vi syner elles til Innstillingsrådet sitt Praksis/Policynotat, kap. 5, "Lederkriterier i norske domstoler".

Vi kan tilby

  • eit meiningsfylt arbeid med stort sjølvstende og godt rom for fagleg utvikling
  • introduksjonsprogram for dommarar
  • leiarutviklingsprogram for nye domstolleiarar
  • tilbud om oppdatering og etterutdanning
  • moglegheit for studiepermisjon i ein månad kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

For stillinga blir det krevd eksamen frå NMBU/UMB/Norges landbrukshøgskule med hovudkurs i jordskiftefag/eigedomsutforming. Søkarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For søkarar som blir innstilte, blir det kravd uttømmande politiattest. Den som blir utnemnd må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjorde i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Lønn som jordskifterettsleiar, kode 1467. Årleg lønn er for tida kr 933 100,-

Frå lønna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Søkaren må disponere bil.

Når søknadsfristen er ute, vil offentleg søkarliste vere tilgjengeleg på www.jordskifte.no/ www.domstol.no/innstillingsradet. Vi syner i denne samanhengen til offentleglova § 25, andre leddet og til generell informasjon til søkarane, om høve til å bli utelaten frå søkarlista.

Fleire opplysingar om embetet får du ved å vende deg til:

  • Innstillingsrådet v/sorenskrivar Yngve Svendsen, tlf. 38 17 63 50.
  • Domstoladministrasjonen v/avdelingsdirektør Solveig Moen, tlf. 40 41 44 14.

Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du elektronisk via lenke på sida ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal ligge ved i eitt vedlegg. Ver venleg å opplyse i søknaden om kvar du først såg stillingsannonsen.

Søknadsfrist 2. juni 2017

Søk stillinga

Om stillinga

  • Søknadsfrist
    2. juni 2017
  • Arbeidsgivar
    Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
  • Nettside
  • Kommune
    Voss
  • Arbeidsstad
    Indre Hordaland jordskifterett
  • Jobbnorge-ID
    138678
  • Intern-ID
    17/836
  • Omfang
    Heiltid
  • Varigheit
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillinga skal registrerast i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Juridisk CV
  • Oppgi i søknaden kvar du først såg stillingsutlysinga.

Sjå meir

Finn andre stillingar