Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeidar med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedommar, samarbeidstiltak mellom eigedommar, klarlegging og fastsetting av eigedoms- og bruksrettsgrenser, andre rettstilhøve som gjeld fast eigedom, ulike skjønn m.m. Landet er delt inn i 34 jordskiftesokn med til saman om lag 260 tilsette.

 

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.

 

Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

 

Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.

Embete som jordskifterettsleiar ved Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett og Indre Sogn jordskifterett

Denne stillinga er ikkje aktiv.

Om stillinga

  • Søknadsfrist
    Avslutta
  • Arbeidsgivar
    Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
  • Nettside
  • Kommune
    Førde
  • Arbeidsstad
    Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett
  • Jobbnorge-ID
    138674
  • Intern-ID
    17/838
  • Omfang
    Heiltid
  • Varigheit
    Fast

Sjå meir

Finn andre stillingar