Kultur- og likestillingsdepartementet

Nasjonale ekspertar er tenestemenn/-kvinner som er "utlånt" frå nasjonale forvaltningar til Europakommisjonen for ein avgrensa periode. Det er ledig eit engasjement som nasjonal ekspert i Europakommisjonen i Brussel, knytt til EU-programmet Kreativt Europa, delprogrammet MEDIA. Kreativt Europa er EUs støtteprogram i perioden 2014–2020 for kulturelle og kreative sektorer, inkludert audiovisuell sektor.

 

Programmet har som formål å fremme kulturelt og språkleg mangfald, fremme europeisk kulturarv og å styrke konkurranseevna til dei kulturelle og kreative sektorane i Europa. Programmet har to delprogram, KULTUR og MEDIA, og ein del som gjeld fleire sektorar. Delprogrammet MEDIA dekker audiovisuell sektor.

 

Stillinga er plassert i Generaldirektoratet for kommunikasjonsnett, innhald og teknologi (DG CONNECT – Directorate-General for Communications Networks, Content and Technology) i Seksjon I.3. Audiovisuell industri og media program (Unit I.3. Audiovisual Industry and Media Support Programmes). Seksjonen gir støtte til og fremmar europeiske audiovisuelle aktørar og sektorar, særleg gjennom delprogrammet MEDIA.  

 

Tilsettinga som nasjonal ekspert skjer i samarbeid med Europakommisjonen. Eksperten vil administrativt høyre til Europakommisjonen, men blir formelt tilsett av Kulturdepartementet. Arbeidsstaden er Brussel.

I stillinga som nasjonal ekspert i Europakommisjonen får du spennande og givande arbeidsoppgåver, fagleg utvikling i samarbeid med kollegaer frå heile Europa og stor kontaktflate til europeisk audiovisuell sektor. Du får også høve til å oppleve Brussel, '"Europas hovudstad", ein levande og svært internasjonal by med eit særdeles rikt kulturtilbod.

Nasjonal ekspert i EU-kommisjonen – rådgivar/seniorrådgivar – toårig mellombels tilsetjing

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Kultur- og likestillingsdepartementet
  • Nettside
  • Jobbnorge-ID
    165292
  • Intern-ID
    19/824
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Se mer

Finn andre stillinger