Politiets tryggingsteneste (PST) har til oppgåve å førebyggje og etterforske alvorleg kriminalitet som gjeld nasjonen sin tryggleik, under dette terrorverksemd, lovbrot mot staten sin sjølvstende og tryggleik, ulovleg etterretningsverksemd, ulovleg teknologioverføring, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, samt sabotasje og politisk motivert vald.

 

Politiets tryggingsteneste er eit eige organ, direkte underlagd Justis- og beredskapsdepartementet. Når det gjeld etterforsking og påtale er sjefen for tenesta underlagd Det nasjonale statsadvokatembetet og Riksadvokaten.

Verksemda er organisert med ei sentral eining (DSE) og lokale einingar i politidistrikta.

Sjef for Politiets tryggingsteneste

Vi søkjar ein strategisk, utviklingsorientert og handlekraftig leiar til å leie PST dei neste åra.

 

Stillinga som sjef for PST er ei krevjande stilling. Eit samansett trusselbilde, samt endringar i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt, set store krav til sjefen for tenesta. Leiar har ansvaret for å utvikle tenesta slik at den heile tida møter desse endringane. Oppgåveløysinga reiser viktige spørsmål i høve til rettstryggleiken, offentlegheit og tillit i befolkninga, og må vurderast opp mot tenesta sitt grunnleggjande behov for å skjerme eige arbeid.

 

Det er krav om høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Det er ønskeleg med juridisk embetseksamen eller master i rettsvitenskap. Vidare må ein ha solid leiarerfaring, vere samfunnsengasjert og ha analytiske evner. Ein må ha gode evner til å motivere medarbeidarar, og til samarbeid. Det er krav om svært god rolleforståing. Den som vert tilsett må kunne kommunisere i det offentlege rom på ein tydeleg og tillitvekkjande måte. Gode engelskkunnskapar er nødvendig. Det er ønskeleg med god forvaltningskompetanse, og kjennskap til heile rettskjeda og det politiske systemet.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter instruksen som til alle tider gjeld for tenesta og organiseringa av denne.

Vedkomande må, utan erstatning, finne seg i endringar som vert bestemt om stillinga sitt arbeidsområde og vedtak som vert gjort om pensjon og aldersgrense.

 

Det vert stilt krav om tryggleiksklarering på nivå STRENGT HEMMELEG og COSMIC TOP SECRET, og plettfri vandel.

 

Staten er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn.

 

Løn etter avtale.

 

Stillinga er eit åremål på 6 år, som eventuelt kan forlengast med ytterlegare ein periode på 6 år etter kunngjering og søknad.

Søkjarar vert gjort merksame på at opplysningar om dei kan verte gjort offentlege, sjølv om ein ber om ikkje å verte ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følge, varslar vi søkjaren om dette.

 

Kontakt Amrop Delphi v/Bente A. Paulsrud tlf. 91 10 81 65 for en uforpliktande og fortruleg samtale.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt departementsråd Heidi Heggenes tlf. 22 24 55 35 eller ekspedisjonssjef Unni Gunnes tlf. 97 59 47 46.


Vi oppmodar om å gje utfyllande informasjon i søknaden.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. mars 2019
  • Arbeidsgiver
    Justis- og beredskapsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    163976
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Engasjement

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger