Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedomar, klarlegging av rettsforhold til fast eigedom og fastlegging av eigedomsgrenser. Landet er delt inn i 34 jordskifterettar med til saman ca. 250 tilsette. Administrativt er jordskifterettane underlagt Domstoladministrasjonen (DA) i Trondheim. Jordskifterettane ynskjer å vere utviklingsorienterte, blant anna gjennom breidde og i arbeidsmiljøet slik at medarbeidarane skal kunne utvikle seg bådefagleg og personleg.

Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett på Stord har 11 tilsette. Jordskifteretten omfattar 15 kommunar. Dette er Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Sauda, Stord, Suldal, Sveio, Tysnes, Tysvær, Utsira og Vindafjord.

Lærling innen kontor og administrasjon

 

Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett er godkjent lærebedrift for kontor- og administrasjonsfaget, og vi søker ny lærling innan dette fagområdet. Oppstart vil vere til sommaren.

Vi kan tilby deg arbeidsoppgåver innanfor administrativt arbeid, økonomi og rekneskap, arkivering, post- og telefonteneste, men også andre gjeremål i samband med jordskifteretten sine oppgåver. Du vil få ein del kontakt med publikum og får også høve til å vere tilhøyrar i rettssak.

Du får høve til brei kompetanseutvikling gjennom varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver. Hos oss får du verdifull arbeidserfaring og god dokumentasjon på utdanninga som fagarbeidar.

For å få stillinga som lærling i kontor- og administrasjonsfaget, må du ha fullført VG2 i "Salg, service og sikkerhet" eller tilsvarande. Vi ynskjer at du er engasjert og positiv, og at du har eit bevisst forhold til profesjonell opptreden. Vi set pris på nøyaktigheit, pålitelegheit og arbeidsglede.

Du bør ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne og evne til å samarbeide og yte god service. Vi legg vekt på dine faglege karakterar og karakter i orden og adferd.

Stillinga blir løna etter Statens lønnsregulativ, kode 1362 Lærling. Løn blir utbetalt etter ein prosentvis fordeling over ein læreperiode på to år. 40% lønn første år og 60% lønn andre år. Oppstartstidspunkt etter avtale.

Nærare opplysningar om lærlingestillinga kan rettast til:

                Jordskifterettsleiar Oddmund Roalkvam, telefon 90920731 eller e-post til oddmund.roalkvam@domstol.no.

Generell informasjon om domstolane og jordskifterettane finn du på www.domstol.no.


Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett er IA-bedrift og legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsevne.

Vi ber om om at søknad med CV, vitnemål og relevante attestar blir lagt inn i det elektroniske søknadsskjemaet som du finn link til på denne sida.

Søknadsfrist: 18.2.2019

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. februar 2019
  • Arbeidsgiver
    Jordskiftedomstolene
  • Kommune
    Stord
  • Arbeidssted
    Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett
  • Jobbnorge-ID
    163751
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Lærling

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger