Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, opphavsrett, kyrkje, media, idrett, frivilligheit, tru- og livssynssamfunn og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 150 medarbeidarar fordelt på fem avdelingar, kommunikasjonseininga og statsrådseksjonen.


Avdeling for sivilsamfunn og idrett har ansvar for den statlege idrettspolitikken og eit overordna ansvar for koordinering og samordning av den statlege frivilligheitspolitikken. Dette inneber mellom anna forvalting av overskotet frå Norsk Tipping til idrettsføremål, til samfunnsnyttige- og humanitære organisasjonar, grasrot og Frifond.


Stillinga er plassert i seksjon SI2. Seksjonen har hovudansvaret for sivilsamfunnsområdet og arbeidet med rammevilkår for frivilligheita. I dette ligg oppfølging av frivilligheitserklæringa, og tilskotsforvalting til mellom anna Frifond, friluftsliv, inkludering i idrettslag og lokale aktivitetsmiddel til idretten. I seksjonen ligg hovudansvaret for oppfølging av Meld. St. 10 (2018-2019) "Frivilligheita - sterk, sjølvstendig, mangfaldig. Den statlege frivilligheitspolitikken".

 

Vil du arbeide med idretts- og frivilligheitspolitikk?

Denne stillingen er ikke aktiv.