Vinmonopolet er samfunnets viktigaste verkemiddel for ansvarleg sal av alkohol, organisert som netthandel, butikkjede og kundesenter med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl over 4,7 prosent. Vi har om lag 2000 tilsette, og over 330 butikkar over heile landet. Vinmonopolets visjon er å vere ønska av alle, gjennom å tilby Norges beste kundemøte prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med fleire enn 21 000 produkt. Omsetnaden i 2017 var 16,8 milliardar norske kroner.

Nestleiar

Vi har ledig stilling for ein som vil være med å ta ansvar for leiinga av vår butikk. Tenesta er for tida på Voss. Vi leitar etter ein dyktig person som har leiarerfaring, aller helst frå butikk. Det er viktig at du kan motivere og få det beste ut av medarbeidarane i butikken i ein travel kvardag. I tillegg legg vi vekt på gode samarbeidsevner, og at du er sjølvstendig og har god vurderingsevne.

Det er ein fordel om du har økonomisk utdanning ut over treårig vidaregåande skule.

 

Dine hovudoppgåver vil være:

  • Bistå butikksjefen slik at butikken oppnår fastsette måltal.
  • Kompetanse- og ferdigheitsutvikling som omfattar obligatorisk opplæring og deltaking på vareprøvingar slik at Vinmonopolet står fram som landets leiande faghandelskjede.
  • Kvalitetsutvikling i butikken gjennom å rette seg etter bedrifta sine retningslinjer innanfor HMS og Inkluderande arbeidsliv.
  • Administrative funksjonar som omfattar gjennomføring av dei til einkvar tid gjeldande retningslinjer for drift av Vinmonopolet sine butikkar. Utføre administrative funksjoner som vert pålagt av butikksjef.

Nestleiar har ansvaret for drifta dersom butikksjefen er fråverande.

 

Vi tilbyr:

 

I Vinmonopolet vil du få høve til å gjøre ein viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte og kompetente kollegaer i ei av dei best likte verksemdene i Noreg. Hos oss får du høve til god varefagleg utvikling i svært godt arbeidsmiljø. Du vil også få tilgang til gode pensjons- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse.

 

I vår organisasjon er det eit mål å oppnå en balansert samansetning når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kontakt butikksjef Jannicke Lerøen på telefon 995 22 820 om du vil høyre meir om stillinga.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida (Søk stillingen).
Søknadsfrist: 31.01.2019

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Vinmonopolet
  • Nettside
  • Kommune
    Voss
  • Arbeidssted
    Voss
  • Jobbnorge-ID
    163031
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger