Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeidar med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedommar, samarbeidstiltak mellom eigedommar, klarlegging og fastsetting av eigedoms- og bruksrettsgrenser, andre rettstilhøve som gjeld fast eigedom, ulike skjønn m.m. Landet er delt inn i 34 jordskiftesokn med til saman om lag 230 tilsette.

 

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.

 

Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

 

Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer. 

Embete som jordskiftedommar ved Indre Sogn jordskifterett og Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett

Indre Sogn jordskifterett femner om kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal . Domstolen har kontorstad i Sogndal, og det er for tida fem tilsette.

Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett femner om kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Naustdal og Solund. Domstolen har kontorstad i Førde, og det er for tida ni tilsette.

Dei to domstolane har felles leiar.


Det er ledig eit embete som jordskiftedommar ved Indre Sogn jordskifterett og Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett, med kontorstad i Sogndal. Tiltreding etter nærare avtale.

For stillinga blir det kravd jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet, delegert til Domstoladministrasjonen. Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner, vil også bli vektlagt. I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med krav og forventningar som brukarane har.

Vi kan tilby

  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i endringar i domstolstrukturen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Endra struktur og omorganisering kan medføre flytting av kontorstad.

Det er vanleg praksis i jordskiftedomstolane at ein hjelper kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensene. Søkjarane må difor vere innstilte på å ta saker utanfor eige sokn.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.jordskifte.no /www.domstol.no/innstillingsradet.

Lønn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455. Årleg lønn er for tida kr 855 600,-

Frå lønna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Søkjaren må ha førarkort for bil.

Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Innstillingsrådet for dommarar v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00.
  • Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00,
  • eller til jordskifterettsleiar Vidar Otterstad, Indre Sogn jordskifterett og Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett, tlf. 57 72 32 60.

Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.

Søknadsfrist: 12. februar 2019

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    12. februar 2019
  • Arbeidsgiver
    Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
  • Nettside
  • Kommune
    Sogndal
  • Arbeidssted
    Indre Sogn jordskifterett
  • Jobbnorge-ID
    162944
  • Intern-ID
    19/101
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Juridisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger