Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 172 tilsette.

Rådgivar/seniorrådgivar - skogbruk

I landbruksavdelinga er det ledig fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan skogbruk. 

 

Fylkesmannen har mange utfordrande og spennande oppgåver i gjennomføringa av nasjonal landbrukspolitikk. På skogområdet har vi som hovudoppdrag å arbeide for å nå mål om auka berekraftig hogst, om å styrke skogen sitt bidrag til verdiskaping, nasjonalt, regionalt og lokalt, og i klimasamanheng.

 

Hovudarbeidsområda for stillinga er forvaltnings- og utviklingsoppgåver knytt til ressursforvaltning, skogbiologi, skogskjøtsel. Arbeid for auka bruk av tre som byggemateriale, auka bruk av skogsråstoff til bioenergi og bidrag til utvikling av utmarksbasert reiseliv er også aktuelle oppgåver. Den som blir tilsett i stillinga må elles vere open for nye oppgåver og ansvarsområde som følgje av endring i prioritering og oppdrag for avdelinga.

 

Kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning på mastergrads nivå innan skog fag. Kortare utdanning kan kompenserast med lang, relevant arbeidserfaring. Erfaring innan skogområdet er ein fordel. Det er ønskjeleg med god kompetanse innan GIS.
  • gode formidlings- og samarbeidsevner er viktig. Klart og godt språk både munnleg og skriftleg vil bli lagt vekt på.

 

Vi tilbyr:

  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 470 000 - kr 620 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønsplassering vurderast

  • eit sterkt tverrfagleg fellesskap og meiningsfylte arbeidsoppgåver

  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk

  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)

  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus

 

Det er 6 månaders prøvetid.


Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.


Nærare opplysningar kan ein få av landbruksdirektør Geir Skadberg, tlf. 51568964/ 97174751 eller ass. landbruksdirektør Anfinn Rosnes, tlf. 51568980 / 48147213.

 

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Rogaland
  • Nettside
  • Kommune
    Stavanger
  • Arbeidssted
    Lagårdsveien 44, Stavanger
  • Jobbnorge-ID
    162584
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger