Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei stilling som postdoktor med tilsetjing 1.april 2019.

 

Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til prosjektet “Transformations of Medieval Law: Innovation and Application in Early Modern Norwegian Law Books”. Prosjektet er finansiert av Bergens forskningsstiftelse og Universitetet i Bergen.

 

Om postdoktorprosjektet og arbeidsoppgåvene

Hovudprosjektet «Transformations of Medieval Law» granskar omformingane av den norske lovkodeks frå 1274, Landslova.

 

Postdoktorprosjektet skal forske på rettarbøtene til Landslova og vidare ta opp følgjande spørsmål:

  • Korleis og kvifor vart Landslova omforma frå å vere ei mellomalderlov til å reflektere behova til eit tidleg-moderne samfunn, og korleis kjem dette fram i manuskripta?

 

Vidare må ein ta omsyn til to underordna spørsmål når ein utformar søknaden for postdoktorprosjektet:

  • Til kva delar av lova vart det gjeve rettarbøter og kvifor?
  • Korleis og kvifor vart rettarbøtene inkorporerte i lovmanuskript?

Den metodologiske tilnærminga må byggje på materiell filologi.

 

Postdoktorstillinga skal også medverke til å utvikle hovudprosjektet. Det er venta at den som får postdoktorstillinga, skal sjekke transkripsjonen av nokre manuskript, vere med på å byggje opp ein database av manuskript av interesse for prosjektet, assistere ved organiseringa av konferansar, og engasjere seg i formidling og sosiale medium som del av prosjektet. Søkjarar må også vere villige til å lære seg elementær norsk om dei ikkje tidlegare har trening i å bruke eit moderne skandinavisk språk. Søkjarar kan kontakte helen.leslie@uib.no for å få ein kopi av prosjektomtalen.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i eit emne som er relevant for prosjektet (t.d. norrøn filologi, rettsvitskap eller historie), eller tilsvarande utdanning frå utlandet. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd innen 1. april 2019. Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar.

 

Særlege krav for stillinga

Det er viktig med inngåande kjennskap til kodikologi og paleografi. Det er nødvendig med kunnskapar i norrønt og at ein beherskar engelsk munnleg og skriftleg. Kunnskapar i latin vil vere ein fordel, det same vil tidlegare erfaring med gransking av juridiske emne eller norske lover i mellomalder/ tidleg nytid.

 

Kandidaten må vere sjølvstendig og motivert, arbeide på ein strukturert måte, ha gode samarbeidsevner, og vere villig til å yte sitt til forskingssamarbeid (som t.d. felles vitskaplege artiklar og foredrag).

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Det er ein føresetnad at prosjektet blir fullført innanfor tilsetjingsperioden.

 

Kandidaten som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og må til ein kvar tid rette seg etter dei retningslinjene som gjeld for stillinga.

 

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn tilsvarande lønssteg 59 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 514.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka "SØK STILLINGEN" på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene til søkjaren og motivasjonen for å søkje på stillinga

  • Prosjektomtale (maks 5 sider)

  • Framdriftsplan for prosjektet

  • Bibliografi til prosjektomtalen

  • Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (maks 3 sider)

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål

  • Relevante attestar

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • Eventuelle publikasjonar (maks 3)

     

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Dr. Helen F. Leslie-Jacobsen, helen.leslie@uib.no, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

For meir informasjon om tilsettingsprosessen klikk her.

 

 

Søknadsfrist: 03.02.2019

Merk søknaden: 18/14750

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. februar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    162557
  • Intern-ID
    18/14750
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger