Universitetet i Bergen

Institutt for klinisk odontologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Seniorkonsulent (vikariat)

Ved Institutt for klinisk odontologi er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent frå 01.02.2019-31.12.2020. Stillinga er i utgangspunktet ei 100 % stilling, men ein må her ta atterhald om at finansiering for ei full stilling fell på plass. Instituttet er også opne for å diskutere stillingsprosent med den som får stillinga.

 

Institutt for klinisk odontologi er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Institutt for klinisk odontologi har ansvar for utdanning av tannlegar og tannpleiarar ved Universitetet i Bergen, samt spesialistutdanning i odontologi, kvalifiseringsprogram for tannlegar frå land utanfor EU/EØS og forskarutdanning. Instituttet driv forsking på høgt internasjonalt nivå.

 

Administrasjonen ved instituttet har ansvar for administrasjon av studieprogram, forsking, personal og økonomi. Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt arbeid med ph.d. utdanning, forsking og formidling. Næraste leiar er administrasjonssjefen ved instituttet.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Administrasjon (20 %) av NORPART-2018/10277 prosjektet «Establishment of joint research-based education in dentistry in Norway and East Africa».
  • Forskingsadministrativt arbeid på instituttet. Oppfølging av prosjekter.
  • Informere om søknadsfristar og koordinere søknadsprosessar ved instituttet, i samråd med forskingsrådgjevarane ved fakultetet.
  • Administrering av dobbeltkompetansekandidatane ved instituttet, og inneha sekretariatsfunksjon for dobbeltkompetanseprogram samlingar på nasjonalt nivå.
  • Oppfølging av ph.d.-kandidatar – frå oppstart/opptak til disputas – mellom anna årlege samtalar med alle kandidatar og innspurtsamtale med dei som nærmar seg sluttføring.
  • Forskarutdanning – arrangere ph.d.-seminar og midtvegsevaluering.
  • Koordinatoransvar for disputasar.
  • Koordinatoransvar for andre forskings- og formidlingsarrangement.
  • Rapportering av forskingsresultat og statistikkar. Kvalitetssikring av publiseringsregistrering – CRISTIN.
  • Web og formidling. 

Høgt kvalifiserte saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis er eit krav
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og god administrativ IT-kompetanse
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:  http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Administrasjonssjef Signe Solberg tlf.: 55 58 66 88 / 91560933.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobborge når søknadsfristen går ut.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    162545
  • Intern-ID
    18/15016
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger