Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 172 tilsette.

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga arbeidar med ei rekkje oppgåver vi får frå ulike departement og direktorat, til dømes saker etter plan- og bygningslova, kommunelova, offentleglova, ekteskapslova, rettshjelpslova, ekteskapslova, lov om kommunal beredskapsplikt og verjemålslova. Mykje av arbeidet i avdelinga er knytt til rettleiing, tilsyn og klagebehandling. Avdelinga arbeider både med individretta saksbehandling og kommuneretta verksemd.

Rådgivar/seniorrådgivar - kommuneøkonomi

Rådgivar/seniorrådgivar - kommuneøkonomi


Fylkesmannen i Rogaland har ledig eit vikariat innan kommuneøkonomi. Vikariatet varer i 1 år frå 1. april 2019.

Vår nye medarbeidar vil vera med i arbeidet som Fylkesmannen gjer for Kommunal- og moderniseringsdepartement på områda økonomiforvaltning og modernisering i kommunesektoren. Fylkesmannen gir kommunane rettleiing i økonomiforvaltning, mellom anna i høve til regelverk, inntektssystem og statsbudsjettet.


Arbeidsoppgåver:


  • rettleiing og informasjon til kommunane i Rogaland om kommunal økonomi

  • følge opp kommunar som er i økonomisk ubalanse

  • bruk av KOSTRA, til dømes utarbeiding og presentasjon av statistikk og analysar

  • samarbeid på tvers med oppgåver i eit tverrfagleg miljø

  • det kan og vere aktuelt med andre oppgåver innan økonomi eller saksbehandling

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som har:

  • har relevant utdanning på mastergrads nivå innan økonomi, gjerne samfunnsøkonom eller siviløkonom. Relevant arbeidserfaring innan fagområdet kan kompensera for manglande mastergrad

  • har erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne med kommuneøkonomi, med analysar og utgreiingar av budsjett og rekneskap. Eller anna erfaring med økonomistyring. 

  • er løysningsorientert, systematisk og analytisk

  • arbeider sjølvstendig og har evne til gjennomføring

  • god formidlingsevne, skriftleg og munnleg

  • god IKT-kompetanse

Vi tilbyr:

  • utfordrande og interessante arbeidsoppgåver

  • god oppfølging og arbeid i ein avdeling med høg kompetanse

  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 470 000 - kr 620 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønsplassering vurderast

  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk

  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)

  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus

 

Det er 6 månaders prøvetid.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

 

Nærare opplysningar kan ein få av avdelingsdirektør Lone Merethe Solheim, tlf 51568768, mobil 908 05 289, ass. avdelingsdirektør Jan Petter Stangeland, tlf 51568855, mobil 452 34 036.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Rogaland
  • Nettside
  • Kommune
    Stavanger
  • Arbeidssted
    Lagårdsveien 44, Stavanger
  • Jobbnorge-ID
    162447
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger