Universitetet i Bergen

Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

HR-leiar (seksjonssjef)

Det samfunnsvitskapelege fakultet søkjer ein initiativrik og resultatorientert leiar til seksjon for HR og stab som evnar å arbeide fokusert og målretta i spennet frå det strategiske til det operative.

 

Vi ønskjer ein leiar som kan bidra til å utvikle UiB til ein enda meir attraktiv arbeidsplass. Aktiv rekruttering og talentutvikling for å sikre seg dei beste arbeidstakerane er avgjerande for at fakultetet skal nå sine mål. Fakultetet har 400 tilsette fordelt på sju institutt. HR-leiar er leiar av seksjonen med 5 tilsette og inngår i den administrative leiargruppa på fakultetet og samarbeider tett med den faglege leiinga.

 

Seksjon for HR og stab har ansvar for dei samla HR-administrative tenestene på fakultetet. Dette omfattar personaladministrasjon, rekrutteringsarbeid, stabsfunksjoner, arealoppfølging og rådgjeving for leiarar og tilsette. Du vil ha ansvar for at det er gjennomgåande god HR-fagleg standard i eininga og at eininga yter gode tenester til fakultets- og instituttleiingane, forskarane og dei tilsette.

 

Sentrale arbeidsområde:

  • Vidareutvikle HR-feltet gjennom godt samarbeid i seksjonen og med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Personalansvar for medarbeidarane i seksjonen og resultat- og fagansvar for HR-feltet
  • Dagleg drift og tilrettelegging for effektiv og kvalitetssikra sakshandsaming
  • Bidra til å effektivisere og forbetre prosessar, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar
  • Rådgjeving, prosjektleiing, koordinering, utgreiings- og utviklingsoppgåver, strategi- og planarbeid innan HR-feltet

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på masternivå og relevant praksis. Det er ein føremon med erfaring frå HR-administrasjon i kunnskapsorganisasjonar
  • Relevant leiarerfaring med dokumenterte resultat innan arbeid med endring
  • God kjennskap til offentleg forvalting
    • Gode skriftlege og munnlege kunnskapar i norsk og engelsk
    • Digital kompetanse og evne til å tilegne seg nye ferdigheter

Personlege eigenskapar:

  • God organisasjonsforståing og evne til å tenke heilskapleg og strategisk
  • Motiverande leiarstil med evne til å skape entusiasme for utvikling og endring
  • Evne til å bygge relasjonar og skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser
  • Evne til å ta initiativ, stimulere til endringar og leie prosessar med fokus på mål, framdrift og resultat
    • Stor arbeidskapasitet og effektiv, strukturert og kvalitetsbevisst arbeidsstil
    • Serviceinnstilt med stor merksemd på resultat og løysingar

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit aktivt, godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 68-74 (for tida kr. 607 700 – 682 200 pr år) etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt 411 20 404.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    162444
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger