Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Stipendiat i samtaledidaktikk knytt til naturfag og lærarutdanning

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat knytt til Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, Campus Stord.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

 

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.


Stipendiatstillinga er knytt til forskargruppa Oracy in Teacher Education (ORITE) ved HVL, studiestad Stord, som har læringsdialogen og klasseromssamtala som sitt interessefelt. ‘Oracy’ dreier seg om kyndigheit innanfor det munnlege, og forskargruppa er primært opptatt av korleis læraren utviklar slik kyndigheit gjennom lærarutdanning, men har også interesse for skuleelevar og barnehagebarn sine munnlege praksisar. Forskargruppa høyrer til det strategiske forskingsprogrammet "Språk, kommunikasjon og læring" ved Høgskulen på Vestlandet.


Den utlyste stipendiatstillinga vil bli knytt til eit Erasmus+ prosjekt som ORITE-gruppa leier. Prosjektet heiter SciTalk (Natural Science Talk in Teacher Educations), det varer frå 2018 til 2021, og er eit samarbeid mellom forskarar ved ORITE/HVL, OsloMet, Universitetet i Marburg (Tyskland) og høgskulen i Vliessingen (Nederland). I dette prosjektet skal forskarar på dei ulike studiestadane samla inn opptak av kvardagssamtalar om naturfaglege emne som eigne lærarstudentar gjennomfører med barn i barnehage og/eller småskuletrinnet (aldersgruppe 3 til 9 år). Stipendiaten sitt prosjekt vil bli knytt til dette materialet.


Målet med SciTalk-prosjektet er å utvikla lærarutdanninga slik at lærarstudentar kan bli betre til å gjennomføra kvardagssamtalar med små barn, der barnet sitt perspektiv på natur blir møtt og forsøkt utforska gjennom samtalar. Ettersom det blir samla inn materiale frå svært ulike miljø; bygdemiljø, storbymiljø, og nord- og mellomeuropeiske miljø, kan det vera mogleg å ha med komparative perspektiv i analysar av samtalar.


SciTalk-prosjektet er sett saman av forskarar innan morsmålsdidaktikk og naturfagsdidaktikk, og stipendstillinga er open for søkjarar med desse bakgrunnane.


I denne stillinga vil stipendiaten få høve til å inngå i eit aktivt forskarfellesskap både gjennom deltaking i forskargruppa, og som del av det internasjonale SciTalk-prosjektet. Stipendiaten vil få høve til å drøfta eige prosjekt i desse samanhengane, og også få impulsar frå kjennskapen til erfarne forskarar i gruppene sitt arbeid.


Stipendiatstillinga knyter seg særleg til to strategiske mål ved HVL; praksisnær verksemd og arbeidet for ei berekraftig utvikling. Prosjektet fremjar gjennom målsetjinga si eit tett samarbeid mellom lærarutdanning og praksisfelt, og fokuset på samtalar om naturfaglege tema er valt mellom anna for å fremja interessa for naturfag, som har vist nedgang både i Nord- og Mellom-Europa.


Hovudoppgåva til stipendiaten blir å gjennomføra sitt eige forskingsprosjekt. Stipendiaten skal gjennomføra obligatorisk del i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved HVL, samt delta aktivt i HVL sitt stipendiatforum, i forskargruppa ORITE og i forskingsprosjektet SciTalk.


Kvalifikasjonar

Hovudfag/mastergrad i anten i norsk eller naturfag eller tilsvarande kvalifikasjonar må vere oppnådd ved søknadsfristen. Vitskapleg produksjon kan bli vektlagd.

 

Søkjarar må leggje ved ei prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Det er ein føresetnad at prosjektskildringa blir skriven i samsvar med den faglege vinklinga som er skildra ovanfor. Søkarar kan få noko rettleiing på den førebelse prosjektskildringa. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiarar. 

 

Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter tilsetjing. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett skal ha arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ynskjeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og administrasjon. Om stipendet vert forlenga til fire år, vil undervisninga bli fordelt over åra.

Personlege eigenskapar
Den som blir tilsett må vere nytenkjande og kunna arbeida sjølvstendig og i eit fellesskap. Stipendiaten må ha gode ferdigheiter i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg. Stillinga blir sett på som ei viktig rekrutteringsstilling til vitskapleg stilling ved universitet/høgskule.

Søk på stillinga
Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjon som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

 

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår
Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon
Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.


Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

 

Heimeside

 

Kontaktperson:

Instituttleiar Kristin Hinna, tlf: +47 55 58 59 40

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Stord
  • Arbeidssted
    Campus Stord
  • Jobbnorge-ID
    162077
  • Intern-ID
    18/09602
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger