Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, lærarutdanning og økonomi- og samfunnsvitskap. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Reinhaldar 50 % stilling

Høgskulen på Vestlandet har ledig ei 50 %  fast stilling som reinhaldar på dagtid ved skuleanlegga på campus Stord. I kortare periodar, for eksempel ved sjukdom, kan det bli aktuelt med vikariat i inntil heil stilling. Stillinga er knytt til Avdeling for økonomi og arealforvaltning, eining for areal og drift Stord/Haugesund.

                                                          

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Utføre reinhald i samsvar med arbeidsomfang og planar                      
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø                      

Kvalifikasjonar (krav til stillinga):

  • Fagbrev og/eller erfaring frå reinhald 
  • Kommunisere godt på norsk                                                                                                                            

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og serviceinnstilt                                                                                                      

Vi tilbyr:

  • Eit trivelg arbeidsmiljø
  • Opplæring i reinhaldarfaget

Stillinga som reinhaldar vert lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1130 renholder/1129 renholdsbetjent og blir vurdert ut frå utdanning og praksis. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

 
Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid i samsvar til Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten. Normalarbeidstid for denne stillinga er 07.00 - 14.30.
  • Høve til trening i arbeidstida

Korleis søkje stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merket ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane vil bli vurderte ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved utløp av søknadsfristen. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, slik som attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. 

 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

 

Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i samsvar med ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom slik oppmoding ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkinga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er IA bedrift.

 

Hjemmeside

 

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

 

Marta Lindeflaten tlf:  951 18 601                                     

                                       

                                   

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Stord
  • Arbeidssted
    campus Stord
  • Jobbnorge-ID
    162067
  • Intern-ID
    18/09920
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger