Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Stipendiatstilling innan idretts- og helsepsykologi

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat innan idretts- og helsepsykologi. Stillinga er knytt Senter for utdanningsforsking


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

 

Stipendiatstillinga er knytt til forskargruppa idretts- og helsepsykologi, som ligg under det strategiske forskingsprogrammet "Idrett, fysisk aktivitet og kosthold", og til samarbeidsprosjekter med "Centre for the Science of Learning & Technology". Det langsiktige målet med prosjektet er å bidra til meir aktiv undervisning/læring i høgare utdanning ved bruk av digital teknologi. Den faglege innretninga på prosjektet er knytt til mellom anna folkehelse, stress, meistring (inkludert livsmeistring), livskvalitet og fysisk aktivitet. I dette prosjektet vil det vere eit individuelt fokus. Prosjektet kan og potensielt bidra til å redusere sosiale ulikheiter i helse og utdanning.

 

Forskargruppa har 2 andre stipendiat som jobbar med relaterte tema. For denne stillinga er forskinga knytt til utvikling og bruk av digital læring. Prosjektet vil og vere knytt opp mot eit større prosjekt på forsking, utvikling og testing av digitale verktøy for å lære om stress og mestring. Stipendiaten skal jobbe tett med, og kunne få verdifull erfaring frå dette prosjektet. The Cognitive Activation Theory of Stress vil vere det teoretiske, faglege rammeverket for å utvikle verktøyet. Ved å utvikle og teste ein digital intervensjon, er målet delvis å utvikle vår eiga undervisning, men og å lære våre studentar korleis dei kan bruke denne type teknologi til igjen å lære sine elevar korleis dei kan bruke denne type teknologi for å lære om meistring gjennom aktiv læring. 

 

Den digitale intervensjonen vert utvikla ved bruk av designbasert forskingsmetodologi som er ein tilnærming som bygger på design eksperiment og vidare justeringar. Det er ein føresetnad at det er aktiv brukarmedverknad gjennom heile utviklinga. Småskalatesting av ulike prototypar, for mellom anna å undersøke brukarvenlegheit for spesifikke deler av verktøyet er ein vesentleg del av prosjektet.  Microinteractions der brukar og design interagerer vil verte nytta for å auke brukaropplevinga og motivasjonen for å bruke den digitale intervensjonen.

 

Konkrete problemstillingar for stipendiaten utviklast i tett samarbeid med rettleiarar, Professor Hege R. Eriksen (HVL) og professor Barbara Wasson (director at the Centre for the Science of Learning & Technology and professor at Department of Information Science & Media Studies, UIB).

 

Doktorgradsprosjektet må være relevant for ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar".  Samanhangen og integrering av pedagogikk, fagleg innhald og teknisk kunnskap er sentralt. Aktiv læring ved hjelp av digitale verktøy, er særs relevant for å samle empiriske data på ulike pedagogiske praksisar og analysere korleis ulike pedagogiske spelarar interagerer, utviklar og kommuniserer. Bruk av ulike former for kunnskap og kva barrierar som ligge til grunn for, og som kan reduserast er andre relevante forskingsspørsmål. Andre studiar har og vist at bruk av digitale verktøy, inkludert daglig online testing, kan betre akademiske prestasjonar og reduserer sosiale ulikheter i akademisk prestasjon.

 

Kvalifikasjonskrav

Søkjar må ha mastergrad, eller tilsvarande kvalifikasjonar ved søknadsfristen. Utdanning som lærar, psykolog, media/kommunikasjon, IKT eller tilsvarande er relevant bakgrunn.

 

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer tema, problemstilling og val av teori og metode for et potensielt prosjekt. Denne førebelse prosjektskissa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje være den endelege prosjektsskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli uforma i tett samarbeid med rettleiarane.

 

Stipendiaten må takast opp i doktorgradsprogrammet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergrada. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal sendast inn etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal være godkjend av høgskulen innan 3 månadar etter at kandidaten har tatt til i stillinga.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskjeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisninga bli fordelt over årene

 

Ønska kvalifikasjonar
• God metodekunnskap
• Erfaring med forsking kan bli vektlagt

 

Personlege eigenskaper
• Gode samarbeidsevner
• Interesse for og evne til å jobbe i tverrfagleg team
• Evne til å arbeide sjølvstendig, men og til å jobbe i team og søke og ta i mot rettleiing


Søk på stillinga
Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår
Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon
Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.


Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

 

Heimeside

 

Kontaktperson


Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tlf: +47 55 58 59 67

Professor Hege Randi Eriksen, tlf: +47 55 58 55 51

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Campus Bergen
  • Jobbnorge-ID
    162053
  • Intern-ID
    18/09600
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger