Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiat (2 stillinger) i evolusjonær økologi og bærekraftig hausting av marin fisk i den Antropocene tidsalder

Ved Institutt for biovitenskap (http://uib.no/bio/en) er det ledig to stillingar som doktorgradsstipendiat i evolusjonær økologi og bærekraftig hausting av marin fisk i den Antropocene tidsalder. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år.

 

Folketalet i verda aukar og matproduksjon på land klarar ikkje å halda tritt. Dette gjer at vi må sjå mot havet, og korleis sjøen kan brukast for å tryggja verdas matproduksjon. For å møta dei noverande og framtidige utfordringane i havet er det difor naudsynt å utvikla bærekraftige rutinar for korleis dette kan løysast. Det må byggjast betre og meir nøyaktige reiskap for forvaltning, og ein lyt tileigne seg ei djupare innsikt i korleis marin fisk blir påverka, responderer og tilpassar seg i møte med menneskeleg framferd, slik som hausting og endringar i klima. Dei to stillingane skal gje auka forståing av desse utfordingane og finne løysingar på korleis ein kan forvalte og hauste marin fisk i dag og i framtida. Denne oppgåva skal løysast frå to kantar:

1) Å foreta ei nærare undersøking av dei økologiske og evolusjonære følgjene av fleire samverkande menneskelege påverknader. Ein metode er å skalera livshistoriestrategiar frå økologiske prosessar på individnivå gjennom Darwinistisk seleksjon og deretter studera dei evolusjonære utfalla i populasjonane.

2) Å analysera korleis naturleg og retningsbestemt seleksjon retta mot viktige livshistorieparametrar, særleg naturleg dødelegheit, fører til uvisse og systematiske avvik i modellar for fiskebestandar.

Ei viktig oppgåve blir å utvikla metodar for å ta hand om desse utfordringane i forvaltninga.            

 

Om doktorgradsprosjekta

Den fyrste stillinga skal konsentrere seg om dei økologiske og evolusjonære følgjene av fleire samverkande menneskelege påverknader, særleg fiskeri og endring i klima. Føremålet er å fastsetta korleis hausta marin fisk responderer på slike påverknader når ein tek omsyn til evolusjonære tilpassingar av eigenskapar som åtferd, fysiologi og livshistorie. Vil til dømes Atlantisk torsk eller anna fisk ved høgre breddegradar klara å tilpassa seg dei forventa lokale endringane i klima samstundes som dei blir hausta? Slike og liknande spørsmål er tenkt løyst ved bruk av modellar med mekanistisk oppbygging og som er eigna til å handsama evolusjonære prosessar. Vi har for handa fleire rammeverk for slike modellar. Det omfattar modellar som finn optimale løysingar (evolusjonære endepunkt) for livshistorie og åtferd (til dømes Holt & Jørgensen 2014: Conservation Physiology 2: cou050) og modellar som baserer seg på fleire individ for å løyse økologiske og evolusjonære problemstillingar (til dømes Enberg et al. 2009: Evolutionary Applications 2: 394-414). Kva for ein modell som er best eigna til bruk i prosjektet kjem an på kandidaten sine interesser og evner. For denne stillinga vil fyrsteamanuensis Katja Enberg (katja.enberg.no) vera hovudrettleiar, medan Anders F. Opdal (bio.uib.no/te/afo/) vil være medrettleiar.

 

Målsetnaden for den andre stillinga er å undersøka korleis ein kan laga nøyaktige berekningar av populasjonar av fisk dersom ein og tek omsyn til endringar i naturleg dødelegheit, uvisse og variasjon i livshistorieparametrar. Kan det tenkast at endringar i desse parametrane vil gje for høge eller for låge anslag for fiskepopulasjonar, og korleis skal ein utvikla nye reiskap for å handtere denne uvissa når ein gjer liknande berekningar i framtida? Det har høg prioritet å finna kva for systematiske avvik som finst i noverande modellar for berekning av fiskebestandar, fastsetting av referansepunkt og kvoteråd dersom ein ikkje tek omsyn til variasjon og endring i livshistorieparametrar. Her kan det bli naudsynt å leggja fram nye metodar som minskar slike avvik i framtidas berekningsmodellar. Naturlig dødelegheit er eit av parametrane som reknast som svært viktig. Denne parameteren har mykje å seie for dynamikken i prosessar som femnar både evolusjon og endringar i populasjonar, og er ein nøkkelparameter i modellar for fiskebestandar. Kandidaten kan nytta fleire ulike modellar, mellom anna simuleringsmodellar for å laga data, noverande modellar for berekning av fiskebestandar med ulike parameterval og standardiserte metodar for å finna referansepunkt for biologi og forvalting som blir brukt i Det internasjonale rådet for havforsking (ICES). Viktige kommersielle bestandar som Norsk vårgytande sild, Nordøstatlantisk makrell og kolmule vil bli fokus for eigne studiar. For denne stillinga vil fyrsteamanuensis Katja Enberg vera hovudrettleiar, og medrettleiare vil vera Dr. Sondre Aanes frå Norsk reknesentral, Dr. David Miller frå ICES sekretariatet og Dr. Erling Kåre Stenevik frå Havforskingsinstituttet.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Ein kvalifisert kandidat

  • må ha ein mastergrad eller tilsvarande i biologi eller ei anna disiplin som er relevant for prosjektet, eller har sendt inn masteroppgåva for vurdering innafor fristen for søknaden. Tildelt mastergrad er ein føresetnad for tilsetting.  
  • bør kunne demonstrere brei kunnskap og god intuisjon med omsyn til evolusjonær økologi og marin økologi.
  • bør vera interessert i å jobba med spørsmål som ligg i grensa mellom grunnleggjande og anvendt forsking
  • bør ha vilje til å utfordra noverande måtar å tenkje på
  • vil dra nytte av evnar og interesser innafor matematikk og programmering
  • bør trivast i eit miljø kor samarbeid er høgt akta
  • bør ha evna til å arbeide sjølvstendig
  • bør ha god skriftleg og munnleg forståing for engelsk            

Det vil bli lagt vekt på personlege og mellommenneskelege kvalitetar. Ambisjonar og potensial vil også telja med når kandidatane skal vurderas.

 

Dei tilsette kandidatane for dei to prosjekta er venta å samarbeide med kvarandre.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein doktorgrad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til doktorgradsstudiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing (maks 2 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. Vennlegast ikkje last opp anbefalingsbrev.
  • CV
  • relevante attestar
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar, inkludert masteroppgåva

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Katja Enberg (katja.enberg@uib.no / telefon +47 41 00 63 68).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161992
  • Intern-ID
    2018/14407
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger