Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Professor i norsk språk

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er det ledig ein fast stilling i 100% som professor i norsk språk. Stillinga er knytt til Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Bergen.

 

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Norskmiljøet i Bergen har om lag 30 tilsette, halvparten med førstekompetanse, tre professorar og fleire stipendiatar. Fagmiljøet er knytt til mange ulike forskingsgrupper, med omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid. Fakultetet har Ph.D.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar. Norskmiljøet er i tillegg til barnehagelærarutdanninga og dei femårige grunnskolelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn, også knytt til mastergradane i Barne- og ungdomslitteratur og Undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk. Vi gir også ei rekkje tilbod i etter- og vidareutdanning, mellom anna innanfor lærarløftet Kompetanse for kvalitet og satsingane Kompetanse for framtidas barnehage og Desentralisert kompetanseutvikling.

 

Ansvars- og arbeidsområde

Stillinga er knytt til arbeid med norsk i grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. Grunnskulelærarutdanningane blei masterutdanningar frå og med opptaket i 2017. Høgskulen har vidare eit tverrfagleg Ph.D.-program, Studiar av danning og didaktiske praksisar m.a. med stipendiatar som arbeider med norskfaglege avhandlingar. Det er eit mål for høgskulen å integrere forsking og undervisning i større grad. Arbeidsoppgåvene vil dreie seg om utvikling av forskingsaktiviteten ved norskmiljøet, dessutan vidareutvikling av fagtilbod, undervisning og oppfølging av studentar. Den som vert tilsett må bidra til å utarbeide søknader om eksterne midler nasjonalt og internasjonalt.  I stillinga inngår rettleiing og undervisning både i doktorgradsprogrammet og i mastergradstilboda i tillegg til undervisning i grunnutdanningane.

 

Den som vert tilsett, skal kunne leie forskargrupper og vere fagleg pådrivar for prosjekt og forskingssøknader, og bør derfor ha god kjennskap til aktuelle nettverk og forskingsmiljø.

  

Kvalifikasjonskrav

Søkaren må ha professorkompetanse innanfor norsk/nordisk språkvitskap, norskdidaktikk eller tilsvarande, og kompetansen må ha klar relevans for norskfaget knytt til lærarutdanningane.  Den som vert  tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravt.

 

Søkaren må meistre både bokmål og nynorsk.

Det er eit ønske om kompetanse i eitt eller fleire av disse fagområda:

  • norsk som andrespråk
  • barns språkutvikling
  • begynnaropplæring
  • retorikk og munnleg kommunikasjon

Det er vidare ønskeleg at søkaren har yrkeserfaring frå skule eller barnehage. Undervisningserfaring frå høgare utdanning er også relevant for stillinga. 

 

Høgskulepedagogikk/ rettleiing

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via utdanning  i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

 

Sakkyndig vurdering

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 viteskaplege arbeider. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkere bli innkalt til intervju og prøveforelesning. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

  

Vi tilbyr

Stillinga som professor er lønt etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1013. Frå lønnen vil det bli trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.

  

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med mulighet for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

 

 

Korleis søke på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida.

 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen

 

Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

 

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

 

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

 

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

 

Heimeside


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:


Assisterande instituttleiar Morten Rønning 55 585931

 

                                      

 

                                       

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    campus Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161812
  • Intern-ID
    18/09451
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger