Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førsteamanuensis i terrestrisk zoologisk økologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i terrestrisk zoologisk økologi, knytt til faggruppa Økologi og Evolusjon.

Om instituttet
Institutt for biovitskap (BIO) har eit av dei breiaste fagmiljøa innan biovitskapleg forsking og utdanning i Norge, og har eit sterkt fokus på tema som livet sitt opphav, klima og økosystemendringar, fiskeri, havbruk og utviklingsrelatert forsking. BIO driv forsking og undervisning frå organismar til populasjons- og økosystemnivå innan teoretisk, eksperimentell og feltbaserte tema. Gjennom samlokalisering og felles forskingsgrupper er forskinga ved BIO tett integrert med biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen og med fleire tematiske avdelingar i NORCE (Norwegian Research Centre AS). BIO held til i moderne fasilitetar på Marineholmen.

BIO er det største av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og har om lag 260 tilsette, inkludert 56 professorar og førsteamanuensar, 130 ph.d.-kandidatar og 70 teknisk og administrativt tilsette. Undervisninga ved instituttet dekker eit breitt spekter av biologiske disiplinar og blir tilbydd gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram og lærerutdanning, forutan doktorgradsutdanning. BIO har eit Senter for framifrå undervisning (SFU) og dermed eit særskilt fokus på utvikling av kvalitet i undervisning og læring. Det vert lagt vekt på utvikling av innovative undervisnings- og formidlingsaktivitetar i stillinga.

Fagleg innretning
Instituttet forventar at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskings- og undervisnings-miljøet. Stillinga skal bygge opp empirisk forsking innan terrestrisk zoologisk økologi, og er meint å utfylle sterke tilgrensande fagmiljø innan botanikk, teoretisk økologi, marin- og mikrobiologi. Vi kan tilby eit spanande og utadvendt undervisnings- og forskingsmiljø innan eit breitt spekter av forskingstema, med mange moglegheiter for nasjonalt og internasjonalt samarbeid.

Pågåande forsking i gruppa Evolusjon og Økologi dekkjer ulike felt, frå artar, populasjonar, økosystem hjå dyr og plantar saman med endringar i biodiversitet som følgje av klima og miljøendringar, menneskeleg aktivitet, bærekraft og globale utfordringar. Det er ein føremon om søkjaren har forskingserfaring frå fleire empiriske system og frå ulike organismar og habitat som kan nyttast både i forsking og undervisning.

Instituttet har tatt ei leiande rolle på UiB med fokus på FNs berekraftsmål med spesiell fokus på SDG mål nr. 15 “livet på land” og nr. 14 «livet under vatn». Førsteamanuensisstillinga vil vere knytt til undervisning i økologi og evolusjon med rettleiing av studentar i felt og på lab. Den tilsette vert forventa å rettleie studentar på master- og doktorgradsnivå og å utvikle eller innføre nye undervisningsformer med høgt læringsutbytte.

Forsking – kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søkjer etter ein ambisiøs, sjølvstendig og kreativ person med gode samarbeidsevner. Søkjaren blir forventa å ta ei leiande rolle i oppbygging av forskingsaktivitet innan terrestrisk zoologisk økologi. Følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar vil bli tatt hensyn til i vurderinga av søkjarane:

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad innan biologi eller tilsvarande kompetanse.
  • Søkjarar må ha inngåande kjennskap til terrestrisk zoologisk økologi og kunne dokumentere kunnskap og erfaring med lab- og/eller feltbaserte forskingssystem, gjerne frå norske og/eller skandinaviske økosystem.
  • Det vert lagt vekt på evne til og motivasjon for leiarskap (t.d. rettleiing på doktorgradsnivå, prosjektleiing, forskargruppeleiing) ved tilsetjing i stillinga, og søkjarar må kunne demonstrere gode mellommenneskelege eigenskapar og gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må vise til ei positiv utvikling i forskingsaktivitet over tid og relevante publikasjonar i internasjonale vitskaplege tidsskrift.
  • Det blir forventa at den som vert tilsett, kan vise til eit internasjonalt forskingsnettverk og samarbeid med dyktige forskarar rundt om i verda.
  • Søkjarar må kunne dokumentere evne og motivasjon til å innhente ekstern forskingsfinansiering og blir forventa å kunne presentere planar for forskingsaktivitet.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Undervisning – kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn ei undervisningsmappe som inneheld oversyn:

  • eigne perspektiv på undervisning og læring
  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett, må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga, ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66–74 (kode 1011/LR 24.10). Dette utgjer ei årsløn på kr 586 500 – 682 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei undervisningsmappe (2-3 sider) som gir ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • liste over vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Ørjan Totland, e-post: orjan.totland@uib.no / tlf. +47 477 58 058 eller til førsteamanuensis Anne Elisabeth Bjune, e-post: anne.bjune@uib.no / tlf. +47 55 58 33 35.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Den som blir tilsett, må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161788
  • Intern-ID
    2018/13912
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger