Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor i algoritmer: parametrisert kompleksitet for anvendt optimering

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i algoritmer. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til prosjektet Parameterized Complexity for Practical Computing“, finansiert av Forskingsrådet gjennom ToppForsk-programmet.

 

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Prosjektleder er Professor Michael Fellows. Prosjektet fokuserer på praktiske anvendelser av parametrisert kompleksitet og paramteriserte algorimar. For denne stillinga vil hovudvekt legges på anvendelser i praktiske optimeringsproblem. Universitetet i Bergen har fornybar energi som eit av sine satsingsområde. Kandidaten som får stillinga forventas å samarbeide med optimeringsgruppen av vårt institutt, samt andre forskarar i andre institutt ved det Matematisk naturvitskapelege fakultet som arbeidar med havvindenergi og marinforsking.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk med spesialisering i algoritmar eller optimering. Ph.d studentar kan søkje viss ph.d graden oppnås innan 30. april 2019. Det er ein føresetnad at ph.d graden er oppnådd innan man begynner i stillinga
  • Erfaring frå parametrisert kompleksitet eller anvendt optimering (helst begge delar) er ei føresetnad.
  • Grunnleggande kunnskapar i kompleksitetsteori, algoritmedesign og kombinatorikk er ei føresetnad.
  • Gode programmerings-, algoritmeengineering- og eksperimenteringskunnskapar er ei føresetnad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha framifrå engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må vera interessert i tverrfagleg forsking og formidlingsaktivitetar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle tungt ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 4 år. Undervisning og anna slags arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg mellom 59 og 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på mellom kr 515 200,- og 576 100,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i jobbnorge.no innan 20. januar, 2019.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Michael Fellows (parametrisert kompleksitet) eller Professor Dag Haugland (anvendt optimering og havvindenergi).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161602
  • Intern-ID
    2018/13746
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger