Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har i underkant av 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine omlag 60 lokalkontor.

Vi har 3000 verneområde - har du verneverdig kompetanse?

Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar innan verneområdeforvaltning

Vi søkjer ein motivert, samarbeidsorientert og kreativ medarbeidar som skal hjelpe oss med å ta vare på norsk natur og gjere arbeidet med verneområde meir effektivt. Du må ha solid digital kompetanse og gjerne erfaring frå arbeid med verneområde.

Frå nyttår vert det oppretta ein ny verneområdeseksjon i Miljødirektoratet. Vi skal styre prosessar for etablering av nye verneområde og rådgje Klima- og miljødepartementet i slike saker. Vi skal arbeide for å betre tilstanden i verneområda, legge til rette for verdiskaping og utvikle bruken av ei merkevare for verneområde. Rettleiing av forvaltningsstyresmakter og handsaming av forvaltningsplanar, besøksstrategiar og klagesaker er viktige oppgåver. Ikkje minst skal vi utvikle kunnskapsgrunnlag, fagsystem og digitale verktøy på vårt ansvarsområde.

Seksjonen har 18 dyktige tilsette og har arbeidsstad på Brattøra i Trondheim.

Stillinga sine hovudansvarsområde

  • drift og utvikling av fagsystem og digitale løysingar i arbeidet med verneområde
  • hente inn informasjon og legge til rette for nasjonal og internasjonal rapportering
  • oppfølging og rettleiing av fylkesmenn, nasjonalpark- og verneområdeforvaltarar og kommunar

Du må rekne med ein del foredrags- og reiseverksemd.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning på masternivå
  • kunnskap om natur og naturforvaltning
  • kunnskap og erfaring frå arbeid med digitale system og -løysingar, med spesiell vekt på karttenester og bruk av GIS-verktøy

Det er ønskjeleg at du har:

  • erfaring frå offentleg forvalting, gjerne innan naturforvaltning
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk

Eigenskapar

  • du er omgjengeleg, kommuniserer tydeleg og kan representere Miljødirektoratet på ein god måte
  • du har interesse for formidling
  • du har god rolleforståing og kan vurdere heilskap og samanhengar
  • du har evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og til å levere i tide
  • du er fleksibel og ser etter løysingar

Vi kjem til å legge vekt på korleis du som person vil passe til stillinga.

Vi tilbyr

  • fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som rådgjevar frå kr. 480 600 (ltr. 55) til kr. 565 500 (ltr.64), eller som seniorrådgjevar frå kr. 524 200 (ltr. 60) til kr. 658 300 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Knut Fossum, e-post: knut.fossum@miljodir.no eller tlf: 91 81 42 01.

Som IA-bedrift ønsker vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.

Det vil bli utarbeidd offentleg søkarliste ved søknadsfristens utløp. Opplysingar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomen, skal søkaren ha melding og få høve til å trekke søknaden sin.

Her er lenke til vår personvernerklæring.

Referanse: 92-2018 NNA                                                            Søknadsfrist: 06.01.19

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Miljødirektoratet
  • Nettside
  • Kommune
    Trondheim
  • Arbeidssted
    Brattøra i Trondheim
  • Jobbnorge-ID
    161528
  • Intern-ID
    92-2018 NNA
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger