Universitetet i Bergen

Universitetsdirektørens kontor

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Rådgjevar (jurist) ved Universitetsdirektørens kontor

Ved Universitetsdirektørens kontor, Sekretariatet for universitetsleiinga er det ledig ei fast stilling som rådgjevar (jurist).

 

Seksjonen arbeider med eit breitt spekter av forvaltningsrettslege problemstillingar, personvern i forsking, kvalitets- og styringssystem, internrevisjon, internkontroll, forskingsetikk og gjennomføring av val til universitetet sine ulike styrer og råd.

 

Seksjonen har eit særleg ansvar for å være sekretariat for universitetsstyret, universitetet sitt utval for redelighet i forsking, klagenemnd for studentsaker og universitetet si nemnd for vurdering av skikkethet i utdanningane. Seksjonen må også løyse ulike utgreiings- eller oppfølgingsoppgåver  som vert tildelt av universitetsleiinga.

 

Personen som blir tilsett vil samarbeide med dei andre juristane ved seksjonen, med universitetsleiinga, universitetets administrasjon og fakulteta.

 

Arbeidsoppgåver: 

  • greie ut og førebu saker for universitetet si klagenemnd i studentsaker

  • førebu saker for universitetet sitt utval for redelighet i forsking

  • greie ut og førebu studentsaker som krev særskilt skikkethetsvurdering

  • handtere rettslige spørsmål innanfor eit vidt spekter av tema og problemstillingar

  • bidra med juridisk kompetanse i enkeltsaker og i samarbeid med universitet sine andre avdelingar

 

Kvalifikasjonskrav: 

  • master i rettsvitskap / cand. jur.

  • relevant erfaring innan forvaltningsrett

  • solid skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • gode kommunikative eigenskapar og evne til samarbeid

  • evne til sjølvstendig oppfølging og gjennomføring av arbeidsoppgåver

  • god digital kompetanse

  • personlege eigenskapar naudsynt for stillinga vil det bli lagt avgjerande vekt på

     

Vi kan tilby: 

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

  • fagleg og personleg utvikling i stillinga

  • eit arbeidsmiljø med gode kollegaer med stor fagleg breidde

  • Løn som rådgjevar (kode 1434) etter lønssteg 63 - 68 (kr. 555 100 – 607 700 pr år) etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Ame Ramslien, Universitetsdirektørens kontor, telefon 55 58 2005/45245549 e-post: ame.ramslien@uib.no

 

Generell informasjon:

 

Den statlege arbeidssyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Sekretariatet for universitetsleiinga
  • Jobbnorge-ID
    161517
  • Intern-ID
    18/13510
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger