Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Professor i informatikk – maskinlæring

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som professor maskinlæring, med spesialitet innan nevrale nettverk og djuplæring. Den som vert tilsett vil inngå i forskingsgruppa for maskinlæring

 

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

 

Arbeidsoppgåver / forskingsområde / stillinga sitt vitskaplege fokus

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Maskinlæringsgruppa ynskjer å styrka si forskings- og undervisningskompetanse på nevrale nettverk og djuplæring. Kandidaten må derfor vera ein internasjonal anerkjend ekspert innan dette feltet. Universitetet i Bergen har marin forsking som ein av sine tre bæresøyler, og erfaring frå marin forsking eller industri vil bli lagt vekt på.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha doktorgrad i eit fagområde som er relevant for maskinlæring, for eksempel informatikk eller matematikk eller tilsvarande kompetanse.
  • Ein sterk publikasjonsliste som vis at man har evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid er eit krav
  • Søkjaren bør ha erfaring med å leie forskingsprosjekt.
  • Undervisningserfaring er eit krav, og erfaring med undervisning innan maskinlæring vil bli lagt vekt på.
  • Søkjaren bør også kunne medverke generelt til undervisning og forsking på instituttet. Erfaring innan tema som er relevant for andre grupper på instituttet vil vere ein føremon.
  • Både teoretiske kunnskap og praktisk programmeringserfaring vil bli lagt vekt på, og erfaring frå programvareutvikling og næringsliv er ein føremon
  • Søkjaren bør ha eit godt internasjonalt og nasjonalt nettverk.
  • Erfaring med å innhenta ekstern forskingsfinansiering er eit pluss.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevne
  • Søkjaren må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn for etter lønssteg 77-84 (kode 1013) tilsvaranda NOK 731 400 – 893 900 i statens lønsregulativ. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurder høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om di interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i forskinga di (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne deg frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge med søknadsfrist 3.januar 2019. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Pinar Heggernes.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161489
  • Intern-ID
    2018/13711
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger