Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førsteamanuensis i informatikk fagformidling og utdanning (IKT-fagdidaktikk)

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

 

Arbeidsoppgåver og forskingsområde

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Behovet for høgare IKT-kompetanse i samfunnet er sterkt aukande. Gjennom forskingsbasert undervisning utdannar Institutt for informatikk IKT-spesialistar som er høgst ettertrakta hos akademia, næringsliv og forvaltning. I den siste tida har vi fått i oppgåve å utdanne enda fleire på bachelor-, master- og ph.d.-nivå for å etterkome det aukande behovet, og undervise alle studentane ved det matematisk- naturvitskapelege fakultet i programmering. Samstundes aukar også behovet for etter- og vidareutdanning innan IKT for eksisterande arbeidskraft i ulike sektorer. Dei nye lærarplanane legger opp til at lærarar i fleire fag i skuleverket skal ha god forståing av algoritmisk tankegang og basis programmeringskunnskapar, spesielt ser vi eit behov for etterutdanning av matematikk- og naturfaglærarar i programmering, datamaskinens virkemåte og algoritmar.

 

For å kunne bidra til å møte desse utfordringane, ynskjer vi å opprette ei gruppe i informatikk fagformidling og utdanning (IKT-fagdidaktikk), i fyrste omgang med inntil to førsteamanuensar. Gruppa vil verte utvida til tre førsteamanuensar innan kort tid. Arbeidsoppgåvene til den eller dei som vert tilsett i den utlyste stillinga vil omfatta å byggje opp denne nye gruppa, samt forska og undervise i informatikk. Forskingsekspertisen må vera i eit av våre eksisterande forskingstema som lista ovanfor eller i IKT-fagdidaktikk. Den nye gruppa vil ha hovudansvar for undervisning, utvikling og kvalitetssikring av våre byrjaremne INF100, INF101, INF102 og MNF130. Gruppas arbeid vil blant anna vera å sikre ein saumlaus overgang mellom desse, skape godt samsvar mellom læringsutbyttebeskriving, læringsaktiviteter og vurderingsformer, og sikre ei tilpassa undervisning for fakultetets andre studentar som tek emna. Gruppa vil også ha hovudansvar for gjennomføring og planlegging av DIDAIT1 for lærarstudentar ved UiB, for å byggje opp instituttets emneportefølje innan etter- og vidareutdanning, og for å vera skule- og samfunnskontakt.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan informatikk, matematikk, fysikk eller tilsvarande. Dersom doktorgraden ikkje er i informatikk, må god informatikkfagleg bakgrunn dokumenterast.

  • Forskingserfaring utover doktorgrad, til dømes som postdoktor eller forskar, er eit krav.

  • Erfaring frå undervisning innan informatikk med særleg vekt på programutvikling og algoritmar er eit krav.

  • Profesjonell erfaring frå programmering og systemkonstruksjon er eit krav.

  • Erfaring frå næringsliv eller industri er ei føremon.

  • Erfaring frå og kjennskap til norsk skuleverk er ei føremon.

  • Søkjarar må ha ei genuin interesse og entusiasme for faget informatikk og for formidlinga av denne både innanfor og utanfor akademia.

  • Søkjarar må ha gode evne innan pedagogikk og formidling.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjarar må kunne bidra i forskings- og undervisningslag både som leiar og deltakar.

  • Søkjarar må ha evne til å innhente ekstern finansiering for framifrå forsking eller undervisning.

  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskings- og undervisningsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn:

 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning

  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising

  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå

  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • mottekne undervisningsprisar

  • eigne pedagogiske publikasjonar

  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011/LR 24.8). Dette utgjer ei årsløn på kr 586 500 -682 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

 

Søknaden skal innehalde:

  • CV

  • vitnemål og attestar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • ei utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, ei oversikt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking, og ei beskriving av søkjaren sine forskingsplaner framover (totalt 2-4 sider)

  • fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs

  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar

  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 20. januar 2019. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Professor Pinar Heggernes.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161485
  • Intern-ID
    2018/13961
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger