Universitetet i Bergen

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Seniorkonsulent

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (100 %).


Om instituttet/prosjektet

Institutt for global helse og samfunnsmedisin (www.uib.no/igs) er eit av fem institutt under Det medisinske fakultet. På instituttet er det for tida til 60 faste vitskaplege tilsette og 25 faste teknisk/administrative tilsette. Instituttet har omlag 20 postdoktorar, 150 stipendiatar/doktorgradsstudentar og om lag 160 mastergrads-studentar.

 

Administrasjonen ved instituttet har ansvar for studieadministrasjon, forskingsadministrasjon, HR og økonomi. I studieadministrasjonen er det no ledig ei fast stilling som seniorkonsulent med spesielt ansvar for koordinering av praksis i allmennmedisin, og organisering av EVU-programmet innan helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi og helse-IKT. Administrasjonssjefen ved instituttet er næraste leiar. Den som vert tilsett vil arbeide tett med fylkeskoordinatorane for allmennmedisinsk praksis, og med emneansvarlege for dei ulike emna under EVU-programmet.

 

EVU-programmet (https://www.uib.no/utdanning/evu) i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi er eit erfaringsbasert masterstudium på deltid. Studentane er tilsette i helsesektoren, som tek studiet på deltid ved sida av arbeid. God oppfølging og tilrettelegging er ein essensiell del av arbeidet. Det er undervisning både i haust- og vårsemesteret, med hovudtyngde i haustsemesteret. Emna i EVU-porteføljen har mange eksterne forelesarar, noko som gjer at god kontakt og koordinering er svært viktig. Det ligg budsjettanvar til stillinga, der inntekter frå studieavgift skal balanserast opp mot utgifter (eksterne forelesarar, bevertning osv). I tillegg er det marknadsføringsansvar, i tett samarbeid med UiB Videre. Vidareutvikling av stillinga er fullt mogleg for den som blir tilsett.

 

Koordineringsfunksjonen for praksis i allmennmedisin for medisinstudentar går ut på, saman med fylkeskoordinatorane, å halde god kontakt med legekontor frå Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, som har studentar i praksis, i tillegg til å arbeide for å utvide nettverket av praksisplasser. Stilinga inneber også kommunikasjon med studentane og praksisrettleiarane, og koordinering av 2 x 6 veker praksis haust og vår for medisinstudentar i 11. semester, i tillegg til utplassering i 1 dag for medsinstudentar i 5. semester.

 

Arbeidsoppgåver:

  • ansvar for koordinering av medisinstudentane sin praksis i allmennmedisin
  • studieadministrativt ansvar og koordinering av etter- og vidareutdanninga i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi
  • budsjettansvar for EVU-porteføljen

Andre studieadministrative og administrative oppgåver kan ved behov leggjast til stillinga

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til studiekoordinator ved IGS, Kirsti Nordstrand, tlf.: 55585449, e-post: kirsti.nordstrand@uib.no .

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • søkjar må ha mastergrad, relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for utdannings-kravet
  • det er ein føremon med erfaring frå studie- eller forskingsadministrasjon
  • bakgrunn frå, eller kjennskap til, helsesektoren er eit ønskje
  • god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og god administrativ IT-kompetanse
  • engasjement og interesse for studiearbeid, spesielt for etter- og vidareutdanning
  • evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • løysingsorientert, initiativrik, serviceinnstilt og god gjennomføringsevne
  • evne og vilje til raskt å setje seg inn i nye saksfelt og vere kvalitetsbevisst

Ved vurdering av søkjarane vil personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga bli vektlagt.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal omfatte:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161428
  • Intern-ID
    18/14167
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger