Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiat i havteknologi – marin optikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi (http://www.uib.no/ift) er det ledig ei stilling som stipendiat i havteknologi for utvikling av optiske metodar for effektiv miljøovervaking av kyst- og arktisk vatn. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til bevillingsfinansiering.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forplanting av lys i vatn endrar seg signifikant med kva som finst under overflata. Dersom havet berre hadde bestått av reint vatn, ville til dømes blått lys gått i gjennomsnitt over 200 meter utan å bli absorbert, medan lyset berre trenger nokre få centimetar ned under overflata i einskilde elveutløp.

 

Vi kan finne viktig informasjon ved å studere i detalj kor langt lyset går før det enten blir absorbert eller spreidd, kva ny retning det får etter spreiing, og korleis desse optiske eigenskapane varierer med bølgjelengda på lyset, med djupet og med tida.

 

Desse målingane kan brukast saman med numeriske modellar til å finne mengde og type materiale, inklusiv levande mikroorganismar, i vatnet. Liknande metodar kan bli brukt under isen i Arktis til å finne innhald av organismar i havet og eigenskapar til sjøisen over, slik som tjukkleik, partikkelinnhald, saltinnhald, tettleik og energiavsetting. Ph.d-kandidaten som blir tilsett vil jobbe innan denne type forsking, som meir spesifikt kan femne om:

 

  • Automatisering av system som måler djupneprofilar til optiske eigenskapar og spektral irradians i vasskolonnen, frå overflata til botnen.
  • Finne metodar for å unngå eller korrigere problem med at spektrometer av og til måler ljos kontaminert av eigen skugge eller ljos som er blitt kontaminert av rammer og andre festemekanismar.
  • Studere døgn-, sesong- og årsvariasjonar av mikroorganismar og anna materiale ved alle djup i vasskolonnen.        
  • Validere optiske satellittmålingar for fjernmåling av klorofyll, oppløyst organisk materiale og mineralpartiklar i øvre delen av vasskolonnen.  
  • Utvikle metodar for måling av lys og optiske eigenskapar under sjøis.


Det er ein forventing at stipendiaten er villig til å opphalde seg i kortare og/eller lengre periodar hos våre utanlandske samarbeidspartnare dersom dette er føremålstenleg for prosjektet. Det er også ei forventing at stipendiaten kan delta på forskingsfartøy til havs. Stipendiaten vil også delta i rettleiing av masterstudentar med prosjektoppgåver relatert til marin optikk.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk, geofysikk, havteknologi, optikk eller måleteknologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå måleteknologi, eksperimentell optikk eller tilsvarande er eit krav
  • Erfaring frå programmering og automatisering, samt gode kunnskapar i matematikk er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Det er ein fordel om søkjaren har gode norskkunnskapar (for undervisning)

 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

 

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

førsteamanuensis Camilla Sætre telefon: 55 58 83 08, e-post: camilla.satre@uib.no , Institutt for fysikk og teknologi.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161407
  • Intern-ID
    2018/13495
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger