Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Førsteamanuensis/førstelektor i norsk litteratur

 

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil 2 faste stillingar i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i norsk litteratur frå 1.8.2019. Stillingane er knytt til Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

 

 

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

  

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

 

Norskmiljøet i Bergen har om lag 30 tilsette, halvparten med førstekompetanse, tre professorar og fleire stipendiatar. Fagmiljøet er knytt til mange ulike forskargrupper, med omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid. Fakultetet har doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar». Norskmiljøet er i tillegg til barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn, også knytt til mastergradane i Barne- og ungdomslitteratur og Undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk. Vi gir også ei rekkje tilbod i etter- og vidareutdanning, mellom anna innanfor lærarløftet Kompetanse for kvalitet og satsingane Kompetanse for framtidas barnehage og Desentralisert kompetanseutvikling.

 

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, må kunne undervise både i barnehagelærarutdanninga og i grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10). Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning- og/eller kurs og oppdragsaktivitet er også aktuelt, avhengig av søkaren sin kompetanse og instituttet/fagmiljøet sine behov.

 

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentoppgåver.


Den som blir tilsett, må også ta del i forskingsaktiviteten på fakultetet/instituttet. Følgjande arbeidsoppgåver vil vere relevante:

  •  Bidra til å vidareutvikle forskingsmiljøet knytt til norsk/nordisk litteraturvitskap og litteraturdidaktikk.
  •  Bidra til å integrere masterstudentar og ph.d.-studentar i fagmiljøet.
  •  Bidra til å utvikle samarbeidet med praksisfeltet (partnarskolar/lærarutdanningsskolar).

 

Kvalifikasjonar:

Søkaren må ha førstekompetanse i norsk/nordisk litteraturvitskap, litteraturdidaktikk eller tilsvarande. For tilsetting som førsteamanuensis må søkaren ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkaren ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

 

Søkaren må meistre både bokmål og nynorsk.


Det er ønskeleg at søkaren har yrkeserfaring frå skule eller barnehage. Undervisningserfaring frå høgare utdanning er også relevant for stillingane. Det er ein fordel med solid kunnskap om norsk og nordisk barne- og ungdomslitteratur. Kompetanse i lese- og skriveopplæring for 1.‒10. trinn, og særleg begynnaropplæring, er ønskeleg. Det er vidare positivt om søkaren har erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

 

 

Personlige egenskaper:

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravt.

 

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

 

Sakkyndig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

 

Vi tilbyr:

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønt etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Vi tilbyr eller:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med mulighet for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

 

  

Korleis søke på stillinga:

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida.

 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen

 

Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.


Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing

  

Generell informasjon:

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsatt funksjonsevne.


Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

 

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

 

Heimeside

 

Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er:

Assisterande instituttleiar Morten Rønning: 55 58 59 31    

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    campus Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161399
  • Intern-ID
    18/09452
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger