Vinmonopolet er samfunnets viktigaste verkemiddel for ansvarleg sal av alkohol, organisert som netthandel, butikkjede og kundesenter med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl over 4,7 prosent. Vi har om lag 2000 tilsette, og over 330 butikkar over heile landet. Vinmonopolets visjon er å vere ønska av alle, gjennom å tilby Norges beste kundemøte prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med fleire enn 21 000 produkt. Omsetnaden i 2017 var 16,8 milliardar norske kroner.

Deltidsekspeditør

Vi treng deltidsekspeditør til vår butikk i Bærums verk. Tenesta er for tida på Bærums Verk.

Stillingsstorleiken er på 6 timar per veke. 

Du bør ha 3-årig vidaregåande skole (eller tilsvarande kompetanse) og erfaring frå butikkarbeid. Du må vere serviceinnstilt, vise initiativ og ha gode samarbeidseigenskapar. Det er òg ønskjeleg med grunnleggjande datakunnskapar.

I organisasjonen vår er det eit mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Alt salspersonale hos oss må vere over 20 år.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Butikksjef Gustaf Gustafsson på tlf: 975 00 327.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida (Søk stillingen).

Søknadsfrist: 11.01.2019

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    11. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Vinmonopolet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Arbeidssted
    Bærums Verk
  • Jobbnorge-ID
    161384
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger