Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har i underkant av 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine omlag 60 lokalkontor.

Har du lyst til å jobbe med allemannsretten og eigedomsforvaltning i friluftslivseksjonen i Miljødirektoratet?

Fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar til arbeid med allemannsretten og eigedomsforvaltning.

Vi søkjer ein engasjert og strukturert medarbeidar som ønskjer å bidra i arbeidet med å ivareta allemannsretten og til forvaltning av dei statleg sikra friluftsområda.

Miljødirektoratet har vore gjennom ei omorganisering hausten 2018 og stillinga vil frå 2019 ligge i seksjon for friluftsliv som ein av seks seksjonar i Avdeling land og friluftsliv. Seksjonen har hovudansvar for Miljødirektoratet sitt arbeid med friluftsliv. Seksjonen har samarbeid med offentlege myndigheiter og frivillige organisasjonar innanfor fleire sektorar. Seksjonen arbeider mellom anna med oppgåver knytt til sikring og forvalting av statleg sikra friluftsområda, ei rekkje tilskotsordningar innan friluftsliv, Skjærgårdstjenesten, motorferdselslova, besøkssenter, nasjonale turiststiar mv. I tillegg til dette har seksjonen oppgåver knytt til formidling av allemannsretten

Seksjonen har 12 medarbeidarar og har arbeidsstad på Brattøra i Trondheim.

Følgjande oppgåver vil vere sentrale for stillinga

  • Formidling og rettleiing om allemannsretten, både plikter og rettigheiter. Målgruppa er offentlege myndigheiter, publikum og media.
  • Eigedomsforvaltning
  • Utarbeiding av rettleiingsmateriale til bruk i ulike samanhengar
  • Vere ein ressurs internt i direktoratet spesielt knytt til problemstillingar rundt allemannsretten

Kvalifikasjonar

  • Du må ha utdanning på masternivå, gjerne innan areal, eigedom/jordskifte eller anna relevant utdanning
  • God kunnskap om friluftslova er ein fordel
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring frå offentleg forvalting, gjerne innan areal- eller eigedomsforvaltning
  • Du må ha svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du er svært god med digitale verkemiddel og har god innsikt i sosiale media

Eigenskapar

  • Du er omgjengeleg, løysingsorientert, kommuniserer tydeleg og kan representere Miljødirektoratet på ein god måte
  • Du arbeider effektivt og sjølvstendig, men trivst også godt med å jobbe i team
  • Du leverer rett kvalitet til rett tid
  • Du har god rolleforståing og kan vurdere heilskap og sjå samanhengar
  • Du har gode samarbeidsevner 

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • Fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • Lønn som rådgivar frå kr. 464 800 (ltr. 53) til kr. 565 500 (ltr. 64), eller som seniorrådgivar frå kr. 524 200 (ltr. 60) til kr. 658 300 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar.

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Terje Qvam på telefon 97012330, evt. terje.qvam@miljodir.no.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenke til vår personvernerklæring.

Referanse: 87-2018 NFR                                                              Søknadsfrist: 02.01.2019


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Miljødirektoratet
  • Nettside
  • Kommune
    Trondheim
  • Arbeidssted
    Brattøra i Trondheim
  • Jobbnorge-ID
    161376
  • Intern-ID
    87-2018 NFR
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger