Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 2

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Forskar (utan doktorgrad)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar utan doktorgrad (100 %). Stillinga er eksternt finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Translational Development of Preclinical Models and Therapies in Myeloid Neoplasia»». Dette prosjektet har ei førebels finansiering i 3 år.

 

Om instituttet/prosjekt

Hovudmålet med prosjektet er utvikling, søknadsskriving og utnytting av PDX modellar for akutt myeloid leukemi (AML) og myelodysplastiske syndrom (MDS), i samband med utvikling av nye biomarkørar, biletediagnostiske metodar og nye ultimate terapiar for desse kreftformane.

 

Hovudoppgåver

Arbeidsoppgåver lagt til stillinga:

  • Preklinisk modellering: utføre og gjennomføre ulike dyreforsøk.
  • Testing av nye terapiar i immundefekte mus modeller ( cellelinjer, PDX, iPDX)
  • Avbilding av forsøksdyr: Optisk, PET/CT, ultralyd og bilde analyse
  • Handtering av celler i kultur (adhererte celler, celler i suspensjon), teljing, merking og testing av vitalitet på celler, 
  • Bruk av flow cytometri 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor

Mc Cormack (Emmet.Mc.Cormack@uib.no, +47 55 97 3097).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjar må ha fullført norsk utdanning som veterinær eller tilsvarande
  • Søkjar må ha erfaring med dyreforsøk og kurs i forsøksdyrelære (FELASA C)
  • Preklinisk erfaring og erfaring med in vivo studiar vil verte sterkt vektlagt
  • Søkjar må ha erfaring frå handtering av immundefekte mus, beinmarg mimetics, ulike injeksjonar og operasjonsteknikkar
  • Erfaring med preklinisk biletediagnostikk: Optisk, PET/CT, ultralyd, vil vere ein føremon
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • Søkjar må ha høg arbeidskapasitet, vere motivert og ansvarsmedviten og ha entusiasme for forsking
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk. 

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan leukemi
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1108/lønsramme 25.5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 449 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • Lønsutgift skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjelde

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Du sender søknaden med vedlegg elektronisk via Jobbnorge ved å klikke på knappen merka «søk på jobben».

 

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161336
  • Intern-ID
    18/14053
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger