Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Seniorkonsulent (studiekonsulent)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (100 %).


Om instituttet

 

Institutt for biomedisin er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Institutt for biomedisin har ansvar for fakultetet sine basalmedisinske fagmiljø. Instituttet har om lag 170 tilsette og eit budsjett på om lag 130 mill. Instituttet har til ei kvar tid om lag 75 kandidatar i forskarutdanninga. Instituttet er lokalisert i Bygg for biologiske basalfag, som er eit moderne bygg med gode forskingsfasilitetar. Instituttet har sterke forskingsgrupper som driv forsking på høgt internasjonalt nivå og bidrar med undervisning til medisinstudiet, odontologistudiet, farmasistudiet, ernæringsstudiet og masterstudiet i medisinsk biologi. Til saman har instituttet ansvar for undervisinga til om lag 700 studentar. Arbeidsstad er Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91, Bergen

 

Administrasjonen ved instituttet har ansvar for administrasjon av studieprogram, forsking, personell og økonomi. Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt og praktisk tilretteleggingsarbeid for instituttets kursportefølje og studieprogram. Instituttet har eit særskilt ansvar for fakultetet sitt masterprogram i biomedisin.

 

Arbeidsoppgåver:

  • stillinga vil ha hovudansvar for administrasjon av masterprogrammet i biomedisin
  • opptak av nasjonale og internasjonale studentar
  • mottak og rettleiing/bistand undervegs av masterstudentar, arbeid mot mastereksamen
  • kontakt med nettverksgruppe for masterprogram ved fakultetet
  • timeplanlegging og eksamensarbeid
  • kvalitetsutvikling og oppfølging av studieplanar
  • rutineutvikling og kvalitetssikring
  • andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Leder for studieseksjonen, Bianca C. Nygård 55 586333. eller administrasjonssjef Janne Gotaas 55 586322

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må ha:

  • mastergrad innan eit av instituttets fagområde eller tilsvarande utdanning eller erfaring tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke
  • erfaring i sakshandsaming
  • erfaring og kjennskap til elektroniske administrative verktøy
  • erfaring frå arbeid med koordinering og teamarbeid
  • evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Det er ønskeleg  at søkjarar har:

  • relevant erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • erfaring med og kjennskap til fellessystema som UiB nyttar til studieadministrativ arbeid (FS, Kanvas, Inspera, ePhorte og andre)
  • kjennskap til, og forståelse for ulike emnar som undervises ved instituttet vil vere ei føremon.

Personlege eigenskapar som vil verte vektlagde :

 

Vi søker deg som er sjølvstendig, positiv og tek initiativ. Det forventas at du både initierer og bidrar til utvikling av gode prosessar og samarbeid. Administrasjonen på instituttet har utfordringar knytt til å utvikle og støtte fagmiljøa Du blir ein ressursperson for dei vitskapelege og ein viktig støttespiller for disponering av ressursar og den generelle aktiviteten på instituttet.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal omfatte:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161318
  • Intern-ID
    18/14027
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger