Barne-, ungdoms- og familieetaten

Stavanger akuttsenter

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal vere sikra riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat er organisert under Barne- og likestillingsdepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, med regionkontor som ligg i Bergen. Stavanger Akuttsenter tek imot ungdom plassert etter Lov om Barneverntenester §§4-6, 4-12 og 4-25 jf. 4-24. Vi har to institusjonsavdelingar med plass til totalt åtte ungdommar i alderen 13-18 år. Ungdommane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart – med eit mål innan 28 dager. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak.

Senteret har og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar – ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tar i mot ca. 350 barn i året.

Det å jobbe i akutten byr på spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har et godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Miljøterapeut i 100 % fast stilling

Ved Stavanger Akuttsenter er det ledig fast 100 % stilling som miljøterapeut. Stillinga er for tida lokalisert på avdeling Røyneberg som har plass til 4 bebuarar. Arbeidstidsordning er p.t. 8 timars turnus dag/ kveld - med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver / ansvarsområde


  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, Inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Hovudkontaktansvar, til dømes bruk av kartleggingsverktøy, utarbeida handlingsplanar og retningslinjer, rapportar og gjennomføra strukturerte samtalar og sikra medverknad. Motivera og engasjera ungdommane i positive aktivitetar.
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga.

Kvalifikasjonar


  • For tilsetjing som miljøterapeut vert det kravd treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Det er ynskjelig med 5 års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
  • Det er vidare ynskjeleg med vidareutdanning i rus, psykiatri eller fleirkulturell forståing.
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • Førarkort for personbil.
  • Personleg egnetheit vil bli særleg vektlagd.

 Kven søkjer vi?


  • Vi søkjer deg som har moglegheitsfokus, evne til å ta ansvar, arbeida sjølvstendig, trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov. Du må ha evne til å oppretthalde god struktur og eit fagleg perspektiv. Du er fleksibel og trives med store utfordringar og du har evne til hurtig omstilling. For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Personlege eigenskapar vert vektlagt høgt.
  • Vi tilstrebar ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. Dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø, gitte føringar i Rettighetsforskrifta (som omhandlar blant anna urinprøvetaking og kroppsvisitering, og at dette skal utførast av tilsette med same kjønn som brukar), samt den miljøterapeutiske tilnærminga kor vi meiner at brukaren i gitte situasjonar vil dra nytte av å møte medarbeidarar av same kjønn. På bakgrunn av dette oppmodar vi menn til å søkje.

 Vi tilbyr


  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som kode 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar i lønnsramme 15, alt. 3-11, lønnstrinn 38-59 (pt. 371 500-515 200 pr. år). Ved relevant vidareutdanning kan stillinga plasseras i kode 1534 spesialutdanna miljøterapeut i lønnsramme 18, alt. 3-11, lønnstrinn 43-63 (pt. 397 200-555 100 pr. år).
  • Turnustillegg kjem i tillegg. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse jf. Lov om Statens Pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Opplæringsprogram, fast rettleiing og arbeid på ein institusjon i fagleg utvikling.
  • Ein hektisk kvardag med spennande utfordringar i eit godt samarbeidsmiljø.

 Generelle opplysningar

  • Bufetat ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisera regjeringa si inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg.
  • Bufetat er ei IA (Inkluderande Arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktpersonar for stillinga


Monica Gravdal (avdelingsleiar Røyneberg), tlf. 4661 9483 – monica.gravdal@bufetat.no

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit evt. intervju.

Søknadsfrist: 01.01.2019

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Barne-, ungdoms- og familieetaten
  • Nettside
  • Kommune
    Stavanger
  • Jobbnorge-ID
    161301
  • Intern-ID
    Vest 79/18
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger