Fylkesmannen er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Fylkesmannen skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Fylkesmannen er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat.


Vi legg vekt på mangfald og oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søke - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hull i CV. Arbeidstilhøva vil bli lagt til rette for medarbeidarar med redusert funksjonsevne. Søkjarar som informerer om at dei har redusert funksjonsevne, vil bli invitert til intervju dersom dei er kvalifiserte.


Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varslast om dette jf. offentleglova § 25.

Ledig embete som fylkesmann i Møre og Romsdal (mellombels)

Fylkesmannen leiar ei forvaltningseining med omfattande oppgåver og med om lag 150 tilsette. Kontorstaden er i Molde.

 

Den som søkjer må ha omfattande og god samfunnsinnsikt og samfunnsengasjement, samt røynsle frå og innsikt i offentleg forvaltning. Det må dokumenterast røynsle som leiar på høgt nivå frå offentleg og/eller privat verksemd eller frå organisasjonsarbeid. Evne og vilje til problemanalyse, til å nå resultat, til nyorientering og utvikling vert vektlagt, saman med dokumenterte resultat frå omstillingsprosessar. Det er ønskeleg med høgare utdanning.

 

Ei viktig oppgåve for fylkesmannen er samordning av statlege sektoroppgåver i høve til kommunane og fylkeskommunane. Det vert difor lagt vekt på evne til samarbeid, konflikthandtering og god sosial fungering. Vidare bør søkjarar ha gode evner til intern motivering og ekstern profilering av oppgåvene og organisasjonen.


Det mellombelse embetet som fylkesmann i Møre og Romsdal er ledig frå 1. januar 2019 og fram til ny fylkesmann tiltrer hausten 2021.

 

Det mellombels embetet vert lønna i leiarlønnssystemet i staten. Innskot til Statens pensjonskasse vert trekt frå i samsvar med gjeldande vedtak. Ut frå prinsippet om open sakshandsaming når det gjeld stillingar av særleg stor offentleg interesse, vil namna på alle søkjarane verte ført opp på ei offentleg søkjarliste, som det offentlege har innsynsrett i.

 

For nærare opplysingar om embetet, ta kontakt med departementsråd Eivind Dale, tlf. 22 24 68 08, eller ekspedisjonssjef Cathrin Sætre, tlf. 22 24 42 85.

 

Søknadsfristen er 3. januar 2019.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Molde
  • Jobbnorge-ID
    161260
  • Intern-ID
    KMD 2018/34
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger