Barne-, ungdoms- og familieetaten

Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

 

Ledig stilling som HR-rådgjevar

Ved Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest er det ledig fast 100% stilling som HR-rådgjevar.


Arbeidsoppgåver / ansvarsområde

Stillinga er for tida knytt opp til arbeid og oppfølging med regionale HR-oppgåver med tyngde på oppgåver innan arbeidsmiljøutvikling og helse, miljø og tryggleik. Oppgåvene femnar mellom anna sjukefråværsarbeid, arbeidstidsordningar, tariffspørsmål, skade og HMS-avvik.

For ein periode vil deler av stillinga bli brukt til oppgåver innan vedlikehald og utvikling av det regionale ressursmiljøet for trygghet og sikkerhet i institusjon for barn og tilsette.

  • Handsaming av saker innan heile spekteret av HR – oppgåver, men med hovudvekt på HMS feltet
  • Opplæring, implementering, rådgjeving og utgreiingsarbeid innan HMS – området
  • Gje støtte, service og rettleiing innan HR-området til leiarane i regionen.
  • Følgje med på og være oppdatert på forsking og fagutvikling på HR/HMS-området.
  • For ein periode skal deler av årsverket nyttast i arbeidet med å implementere, undervise og vedlikehalde faglege føringar frå Spisskompetansemiljøet-Trygghet og Sikkerhet
  • Noko reiseverksemd må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med minimum treårig relevant utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå. Lang og særskilt relevant røynsle innan HR-feltet kan vege opp for manglande formalkompetanse.
  • Det er krav om minimum 10 års relevant erfaring, minimum 5 års erfaring med HR-arbeid eller tilsvarande, innan offentleg/statleg verksemd.
  • Det er ei føremon med røynsle frå barnevernfeltet og institusjonsdrift
  • Røynsle frå prosjektarbeid er ønskjeleg og vil verta vektlagt
  • Røynsle med undervisning er ønskjeleg og vil verta vektlagt
  • Det vert kravd god kjennskap til statleg avtaleverk og handheving av dette.
  • Det er ynskjeleg med røynsle frå skade og HMS – avviksrapportering t.d. TQM
  • Det er ønskjeleg med erfaring i bruk av arkiv og saksbehandlarsystemet Ephorte.
  • Det er eit krav om god kompetanse innan IKT.
  • Det er eit krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på båe målføre. Det er ynskjeleg at ein kan syne til utgreiingar samt å samanfatte og trekke ut informasjon frå ei sak.

Personlege eigenskapar

  • Vi ynskjer søkjarar som er sjølvstendige, initiativrike, løysingsorienterte og med gode samarbeidsevner.
  • Vi ynskjer søkarar som har røynsle frå rådgjeving og undervisning til både leiarar og tilsette.
  • Vi ynskjer søkarar som trives både med skriftleg utgreiing og dybdearbeid i ei sak, men også å drive med rådgjeving og undervisning/formidling.
  • Vi ynskjer søkjarar som er fleksible, sjølvstendige og målretta i arbeidet.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som kode 1434 rådgjevar, kr 480 600 – 576 100 eller kode 1364 seniorrådgjevar, kr 524 200 – 695 500 pr. år                       
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 

Generelle opplysningar

  • Bufetat ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisera regjeringa si inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
  • Stillinga er for tida lagt til seksjon HR.
  • Bufetat er ei IA (Inkluderande Arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktperson for stillinga

Seksjonssjef for HR Sigrid Helleland, tlf. 466 18 947 eller

Seniorrådgjevar Hilde Noraas, tlf. 466 18 948


Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit evt. intervju eller leggjast ved elektronisk.

Søknadsfrist: 17.12.18

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    17. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Barne-, ungdoms- og familieetaten
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161188
  • Intern-ID
    Vest 77/18
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger