Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 1

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på  tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet WHITEFISH, finansiert av Noregs forskingsråd.

 

Om instituttet/prosjektet

Hovudfokus for prosjektet er å studere effektar av marine protein på blodtrykk og nyrefunksjon i dyremodellar for hypertensjon og nyresjukdom. Marint proteinpulver vil bli laga til prosjektet frå ulike marine artar.

 

Du kan lese meir om instituttet her; https://www.uib.no/k1

 

Hovudoppgåver

Ei hovudoppgåve er organisering av produksjon og landing av marint proteinpulver frå trålarane og fabrikkane, og det er derfor viktig med gode organisatoriske evne og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk. Den som vert tilsett vil og vere involvert i førebuing av preparering av proteinpulver til analyser og tillaging av diettar, gjennomføring av dyrestudiar med ulike diettar, måling av blodtrykk i gnagarar, analyser av biologisk materiale, tolking av prøvesvar og statistiske analyser, publisering av resultata i vitskapelig form.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Oddrun Anita Gudbrandsen, e-post: nkjgu@uib.no, telefon: 5597 5553.

 

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  •  søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad innan epidemiologi, medisin eller anna relevant fagområde eller ha tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at disputas er gjennomført og godkjent før tilsetjingsperioden startar
  • søkjar må ha erfaring i prøveinnsamling og laboratorieanalyser av biologisk materiale (ELISA, væskekromatografi, spektroskopi, og Cobas eller liknande instrument), analyser og tolking av analyser av marint proteinpulver. Det er ei føremon at søkjar har bachelor og master i human eller klinisk ernæring som grunnutdanning. Erfaring frå forsking innan helseeffektar av protein i kosthald vil bli vektlagd.
  • søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg norsk på høgt nivå
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan ernæringsforsking med fokus på protein i kosthaldet
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida kr 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Om postdoktor stillingar
Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.


Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.


Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.


Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

 

 

Slik søkjer du stillinga

Send CV og søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    161015
  • Intern-ID
    18/13584
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Prosjekt

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger