Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Professor i pedagogikk/sosialpedagogikk – st. nr. 53/2018

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, er det ledig heil fast stilling som professor i pedagogikk/sosialpedagogikk. Det vert opna for å tilsetje i stilling som førsteamanuensis i tilfelle der søkjar er på god veg til å kvalifisere seg til professor og er innstilt på å fullføre ei kvalifisering til professor. Dette kan eventuelt skje ved at høgskulen i første del av tilsetjingsperioden legg særleg til rette for det.

Professorstillinga er lagt til Institutt for sosialfag (ISF) ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH),  som utdannar barnevernspedagogar og sosionomar,  gir masterutdanning i helse- og sosialarbeid i tillegg til fleire andre vidareutdanningstilbod. I samarbeid med Høgskolen i Molde har Høgskulen i Volda ph.d.-studium i helse- og sosialfag med programprofilen «Vilkår for profesjonsutøving». Det samla studenttalet i ISF er på om lag 600. Dei om lag 30 tilsette ved instituttet, stipendiatar medrekna, driv også omfattande forskings- og utviklingsverksemd.

Instituttet søkjer etter ein medarbeidar med høg fagleg kompetanse og forskingsbakgrunn innanfor eit eller fleire av felta læring, danning og sosial-pedagogikk. Det er ønskjeleg med ein fagleg profil der individuelle og sosiale konsekvensar av samfunnsmessige og kulturelle endringar står sentralt. Tematisk bør dette vere relevant for helse- og sosialfeltet, spesielt barnevern,psykisk helsearbeid og rusrelatert arbeid. Det vert lagd vekt på søkjars erfaring frå leiing av forskingsprosjekt og forskingsgrupper.

Den som blir tilsett, vil vere medansvarleg for ISF sitt samla undervisningstilbod og utvikling av nye tilbod innan fagfeltet til instituttet. Ved sida av undervisning og eige FoU-arbeid, skal vedkomande i lag med dei andre som har toppstillingar ved instituttet, ha eit særleg ansvar for å stimulere og samordne forsking og anna fagleg utviklingsarbeid. Den som blir tilsett, vil få særleg ansvar innanfor masterprogrammet i helse og sosialfag «Meistring og myndiggjering» og  ph.d.-programmet «Vilkår for profesjonsutøving». Kvalifikasjonane bør avspegle hovudperspektiva i desse to utdanningane.

Søkjarar må ha relevant utdanning av høgare grad og fagleg kompetanse i samsvar med generelle krav til professorstilling. Fagleg produksjon dei seinare åra vert vektlagt. Søkjar må også dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning og/eller undervisning og rettleiing, eller må forplikte seg til å oppfylle dette kravet innan to år etter tilsetjing. Relevant yrkeserfaring vil også telje. Søkjar må kunne nytte norsk i undervisning og rettleiing. Arbeidsstaden er Volda.

Søkjar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervising. Personlege eigenskapar som t.d. samarbeidsevne, vert vektlagt. Dersom eit kvalifiseringsopplegg for ein førsteamanuensis blir valt, kan bindingstid i stillinga vere aktuelt.

Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011 frå kr 565 500 – 713 600/professor 1013 frå kr 658 300 – 893 900.

Søknadsfrist: 4. februar 2019

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
- inntil 15 vitskapelege arbeid som søkjar ønskjer vurdert (inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og evt doktorgradsavhandling)
- innhaldsoversikt over arbeid søkjar ønskjer vurdert

Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane vert vurdert av eit sakkunnig utval med tre medlemer. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Etter søknadsfristen er ute vil høgskulen vurdere om søkjarane fyller sentrale deler av kompetansekrava til stillinga, dei best kvalifiserte søkjarane går vidare til vurdering av eit sakkunnig utval.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til høgskulen ved leiar for institutt for sosialfag Jarle Pedersen 70 07 50 94, e-post: jarlep@hivolda.no, professor Tor-Johan Ekeland 70 07 50 89, e-post: tje@hivolda.no, dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie Odd Ragnar Hunnes 70 07 52 96, e-post: orh@hivolda.no eller ved rektor Johan Roppen 70 07 50 20, e-post: jr@hivolda.no.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. februar 2019
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen i Volda
  • Nettside
  • Kommune
    Volda
  • Jobbnorge-ID
    160890
  • Intern-ID
    53/2018
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger