Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Kunnskap som formar samfunnet

 

 

Stipendiat i informatikk: parametrisert kompleksitet med anvendelser i visualisering

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som stipendiat i informatikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år, og inngår i prosjektet «Parameterzied Complexity for Practical Computing» finansiert av Noregs Forskingsråd via programmet ToppForsk.

 

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er i dag avgjerande viktig for gjennomgripande samfunnsendringar. Som følgje av dette er behovet for IKT kompetanse i samfunnet stort, og ein ph.d-grad i informatikk er svært etterspurd innan næringsliv, forvaltning og akademia.

 

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet er rangert som nummer ein i Noreg med omsyn til vitskapskvalitet i IKT-evalueringane gjennomført av Noregs forskingsråd. Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

 

Om arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett skal arbeide mot en ph.d-grad innanfor forskingsretningene algoritmer og visualisering. Prosjektet fokuserer på praktiske anvendelser at parametrisert kompleksitet og parametrisert algoritmar. For denne stillinga vil anvendelsesområdet verte visualisering. Kandidaten som får stillinga skal jobbe under veiledning av professorane Helwig Hauser og Michael Fellows.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk eller matematikk eller eit relatert område.

  • Søkjaren må kunne vise til solid bakgrunn innan algoritmar eller visualisering, helst frå begge.

  • Søkjaren må ha gode programmeringskunnskapar.

  • Søkjaren må ha interesse for forsking og utvikling, og vere nysgjerrig og motivert.

  • Erfaring frå undervisning, til dømes som gruppeleiar, er ein føremon.

  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

  • Søkjaren må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år. Den som vert tilsett for fire år vil i tillegg til å jobbe mot ein ph.d.-grad, ha oppgåver retta mot undervisning, formidling og rekruttering i 25% av tida si. Ansettelse i 4 år avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Michael Fellows.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Universitetet i Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160834
  • Intern-ID
    2018/13132
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger