Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Høgskulelærar/høgskulelektor innan digital kompetanse for yrkesfaglærarar - st. nr. 57/2018


Ved Høgskulen i Volda, i digital kompetanse-miljøet ved Avdeling for mediefag, er det ledig engasjement i inntil 100% stilling som høgskulelærar/høgskulelektor innan digital kompetanse for yrkesfaglærarar i perioden 1.2.2019 til og med 31.7.2020. Det kan bli aktuelt med forlenging av stillinga ut over tilsettingsperioden. Opplys om ønska stillingsprosent i søknaden din.

Stillinga er knytt til spanande utviklingsprosjekt innan yrkesfag i vidaregåande skule. Fagfornyinga, digital skuleutvikling og profesjonsfagleg digital kompetanse er sentralt både her og i nettstudium vi tilbyr som vidareutdanning for lærarar.

Miljøet driv utviklings- og forskingsarbeid knytt til alle våre satsingar. Vi er eit stadig veksande team som utviklar og driv tilbod innan digital kompetanse frå overgang barnehage-skule til og med høgare utdanning. Vi samarbeider om utviklingsarbeid med fleire kommunar og skular, der alle lærarane får tilbod om vidareutdanning knytt til digital kompetanse og teknologibruk i fag, og vil utvide dette tilbodet framover. Stillinga skal dekke undervisning og fagleg utviklingsarbeid også innanfor desse satsingane, samt innan ordinære tilbod i digital kompetanse ved HVO. Digital kompetanse er i aukande grad ein viktig skulefagleg kompetanse, og miljøet får difor stadig fleire oppgåver.

Søkjarar må ha relevant fagleg og pedagogisk utdanning og praktisk undervisningserfaring frå skulen. Omfattande undervisningspraksis kan vege opp for manglande formell utdanning på kompetanseområda.

Vi ser etter deg som:
Har erfaring med praktisk bruk av digitale medium i undervisning. Kan undervise praktisk i fagfeltet digital kompetanse for lærarar og elevar. Har kompetanse innan eit eller fleire av desse områda:
• Digital kompetanse for yrkesfaglærarar
• Bruk av koding/programmering og skaparverkstad i skulen
• Utvikling av nye metodar og undervisning med digitale ressursar

Du er:
Sjølvstendig og utviklingsorientert, men likar å jobbe i team. Interessert i og trivst med å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning, både i klasserommet, nettstøtta og nettbasert. Interessert i å sette deg inn i ny teknologi og løysingar innan digitale medium, pedagogikk og didaktikk.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Dersom søkjar berre dekker deler av kompetanseområda, kan det verte aktuelt å tilsetje fleire i delstillingar.

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: høgskulelektor 1008 frå kr 456 900 - 597 400/høgskulelærar 1007 frå kr 442 400 – 597 400.

Søknadsfrist: 3. januar 2019.

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
- inntil 10 vitskapelege arbeid som søkjar vil ha vurdert (inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og evt doktorgradsavhandling)
 

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til koordinator for digital kompetanse ved AMF, Synnøve H. Amdam, tlf. 70 07 50 07/970 70 974, e-post: sha@hivolda.no eller dekan ved AMF, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, tlf. 70 07 52 75/90 84 39 77.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen i Volda
  • Nettside
  • Kommune
    Volda
  • Jobbnorge-ID
    160802
  • Intern-ID
    57/2018
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Engasjement

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger