Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Forskar ved Institutt for biomedisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert av Norges forskningsråd (NFR), og er for tida knytt til prosjekt «N-terminal acetylation as a key physiological regulation mechanism» i Thomas Arnesen lab og forskingsgruppa Translasjonell Cellesignalering og Metabolisme. Prosjektet har ei førebels finansiering på tre (3) år.

 

Om instituttet/prosjekt

Målet med prosjektet er å biokjemisk karakterisere nye enzym av typen acetyltransferaser. N-terminale acetyltransferaser (NATs) sørger for påsetting av ei acetylgruppe på dei fleste protein i menneskeceller noko som gjer N-terminal acetylering til ein av dei aller mest vanlege former for protein modifisering. NATs er dermed svært viktige i ei rekkje cellulære og fysiologiske prosessar. Forskingsgruppa vår ved Universitetet i Bergen har identifisert og karakterisert heile det hittil kjente NAT-maskineriet som opererer i humane celler. Like fullt har vi grunn til å tru at det finnes fleire slike NATs som har ei sentral rolle i cellene våre. Ved å kartleggje desse enzyma kan vi auke vår forståing for grunnleggjande cellulære prosessar med stor relevans for sjukdom.

 

Institutt for biomedisin står for utdanning og forsking på biologiske mekanismar innan mennesket sin helse og sjukdom: https://www.uib.no/biomedisin

 

 

Hovudoppgåver

Arbeidsoppgåver lagt til stillinga er


• Planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forsking på N-terminal acetylering knytt til NFR-prosjektet. Både standard og avanserte metodar innan biokjemi, molekylærbiologi og studiar av sebrafisk trengs for å gjennomføre arbeidsoppgåvene knytt til dette prosjektet. Det vil verte sjølvstendig forskingsarbeid med ansvar for gjennomføring av sentrale deler av NFR-prosjektet.


• Rettleiing av studentar frå bachelornivå til ph.d.-stipendiatar.


Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professorThomas Arnesen,e-post: thomas.arnesen@uib.no 

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjar må ha relevant ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan molekylærbiologi eller biokjemi
  • Det er eit krav at forskaren har produsert fleire originale vitskaplege publikasjonar som førsteforfattar i internasjonale tidsskrift innan fagfeltet proteinmodifikasjonar
  • Svært gode eigenskaper i framstilling av vitskapeleg informasjon, dokumentert til dømes som forfattar av review-artiklar
  • Omfattande erfaring med proteinrensing, i bruk av mammalske celler og sebrafisk som modellsystem er eit krav
  • Det er eit krav at søkjar har erfaring med rettleiing av studentar i laboratoriet på både master og ph.d.-nivå.
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • Søkjar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk

 

 

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan proteinmodifiseringar
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 508 800 – 537 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

 

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til

både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder

  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan Universitetet i Bergen
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-stipendiatar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.


Søknad

Du sender søknaden med vedlegg elektronisk via Jobbnorge ved å klikke på knappen merka «søk på jobben».

 

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Søknadsfrist: 16.12.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    16. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160791
  • Intern-ID
    18/13489 (IVØI)
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger