Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Kunnskap som formar samfunnet

 

 

Overingeniør

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som overingeniør knytt til infrastrukturprosjektet Integrated Carbon Observing System - Norway (ICOS-Norway), finansiert av Noregs Forskingsråd, som løper ut mars 2021. Stillinga er lagt til gruppa Kjemisk oseanografi med arbeidsoppgåver knytt til drift og vedlikehald av målesystema i den marine delen av prosjektet.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Auka i atmosfærisk CO2-konsentrasjon er ein av dei viktigaste drivkreftene til menneskeskapte klimaendringar. Denne auka er i hovudsak forårsaka av bruk av fossile drivstoff. CO2-konsentrasjonenunder sterk påverknad av havet og økosystem på land, som absorberer mykje av CO2-utslippa. ICOS er eit infrastrukturprosjekt som skal bygge opp et målenettverk for å overvåke auka i konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren og størrelsen på naturlige CO2-kilder og -sluk, slik at vi skal kunne gjøre fullstendig rede for korleis de menneskeskapte CO2-utslippa fordeler seg. ICOS er eit europeisk prosjekt og ICOS-Norway er den norske komponenten.

 

Vi søkjar etter ein overingeniør som skal ha det tekniske ansvaret for havkomponenten av ICOS-Norway, Norsk Marint ICOS. Dette målenettverket består for tida av fire instrumenta for måling av CO2 deltrykk (pCO2) i overflatevann, montert ombord forskings- og lastefarty. Viktige arbeidsoppgåver er:


  • Bidra til utvikling av rutinar for vedlikehald og ansvar for at desse blir fulgt opp og dokumentert.
  • Opplæring av mannskap på de ulike fartya som inngår i Norsk Marint ICOS slik at desse kan utføre enkle naudreparasjonar på pCO2-instrumentane.
  • Daglig oppfølging og kvalitetskontroll av data som produseres på de enkelte linjene.
  • Service og reparasjon av pCO2-instrument, samt installasjon dersom det kommer nye instrument inn i nettverket.
  • Teknisk bistand på anna utstyr som nyttast i gruppa/miljøet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

pCO2 instrumentane som benyttes i Norsk Marint ICOS kan vere krevende å installere og vedlikehalde, og ein rekke elementa må fungere optimalt, for eksempel vanntilførsel, gassgjennomstrøyming, og kommunikasjon mellom de ulike sensorar, pumper og PC. Vi ser derfor etter ein person med brei teknisk interesse og innsikt. Stillinga gir gode moglegheiter for utvikling i eit dynamisk og internasjonalt miljø.


  • Det kreves høyere utdannelse innen elektronikk, instrumentering, måleteknikk eller liknande frå universitet eller høyskole. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Vi ønsker ein ryddig og systematisk person med god evne til feilsøking og -retting.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå målinger og instrumentering som inkluderer gassanalyse og vassgjennomstrøyming. Kjennskap til og erfaring med vitskapelige måleprogram, spesielt innanfor havet sin karbonsyklus, er ein føremon.
  • Det er ønskeleg med erfaring med LabVIEW, instrument-PC kommunikasjon og dokumentasjon og kvalitetskontroll av data.
  • Søkjarar må ha førerkort for personbil. Ein del reisevirksomhet, også på kort varsel, må påregnes.
  • Den som blir tilsatt må mestre norsk og engelsk muntlig og skriftlig.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) etter lønssteg 55 – 62 for tida kr. 480 600 – 544 400 i det statlege lønsregulativet. For særskilt godt kvalifiserte, kan høgare lønn vurderast. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Are Olsen, Geofysisk institutt, e-post: are.olsen@uib.no, telefon: 55 58 48 81 eller senioringeniør Tor de Lange, e-post: Tor.Lange@uib.no, telefon: 55 58 26 87.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160733
  • Intern-ID
    2018/13449
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger