Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Førsteamanuensis i marin økologi

Ved høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør og naturvitskap, er det ledig fast stilling som førsteamanuensis i marin økologi. Stillinga er knytt til institutt for miljø- og naturvitskap, campus Sogndal


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning. Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord. Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 250 studentar og 40 tilsette frå 12 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga skal undervise i marin økologi på masterprogrammet i Climate Change Management, på bachelorprogramma i landskapsplanlegging med landskaps-arkitektur og fornybar energi, og i dei internasjonale semesterprogramma Geohazards and Climate Change og From Mountain to Fjord. Vi søkjer ein person med solid forskingserfaring på trofiske interaksjonar i marine økosystem med særleg vekt på forureining og effektar av klimaendringar.

            

Kvalifikasjonar (krav til stillinga): 

For tilsetting som førsteamanuensis er krava doktorgrad eller vitskapleg kompetanse på tilsvarande nivå innan marin økologi. Søkjaren må kunne vise til vitskapleg produksjon på problemstillingar knytt til effektar av miljøendringar i marine økosystem med særleg vekt på fjordsystema.

 

I tillegg vert det lagt vekt på:

 

-          Erfaring frå oppdragsforsking og formidling.

-          Erfaring med skriving og budsjettering av forskingssøknadar.

-          Erfaring frå engelskspråkleg undervisning.

-          Pedagogisk kompetanse.

-          Evne til å arbeide tverrvitskapleg og/eller med forskarar frå fleire fagdisiplinar.

-          Kompetanse innan forskingsetikk og personvern i forsking.

 

Søkjaren bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden.

                                        

Personlige eigenskaper:

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement. 

 

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

 

Språkkunnskap:

Undervisningsspråket er norsk og engelsk. Søkjarar som ikkje beherskar norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsettingsdato.

 

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

 

Vi tilbyr:

Stillinga som Førsteamanuensis er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

 

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

 

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

 

Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlist. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

 

Heimeside

 

Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er:

 

1) Instituttleiar Tarald Seldal, epost: tarald.seldal@hvl.no, tlf. 57 67 62 40                            

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    16. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Sogndal
  • Arbeidssted
    Campus Sogndal
  • Jobbnorge-ID
    160685
  • Intern-ID
    18/09211
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger