Barne-, ungdoms- og familieetaten

Familieheimane i Region vest, avd. Krabbedalen

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestilligsdepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Familieheimane i Region Vest har 4 avdelinger, avdeling Familieheim Bergen, avdeling Familieheim Fonna, avdeling Familieheim Stavanger og avdeling Krabbedalen.

 

Tilkallingsvakter, miljøterapeut/miljøarbeidar

Ved Familieheimane i Region vest, avd. Krabbedalen er det ledige stillingar som tilkallingsvakter. Arbeidstidsordning per i dag er lanturnus og våken nattevakt.

Avdeling Krabbedalen er eit tiltak for ungdom i alderen 13-18 år med særskilt høgt fokus på sensitiv omsorg og traumesensitiv tilnærming. 

 

Arbeidsoppgåver/ ansvarsområder

  • Systematisk og tilrettelagt miljøterapeutisk arbeid med ungdom
  • Oppfølging av handlingsplanar og retningslinjer ut frå ungdomane sine behov

Kvalifikasjonskrav for miljøterapeut

  • For tilsetjing som miljøterapeut vert det stilt krav om minimum treårig sosialfagleg høgskuleutdanning (barnevernpedagog, sosionom, vernepleiar), ev. anna relevant høgskuleutdanning kan vurderast
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med ungdom med samansatte vanskar i institusjon eller anna relevant erfaring
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå kunnskapsbasert tilnærming og traumesensitiv omsorg, innafor fagfeltet ungdom med samansette vanskar
  • Relevant vidareutdanning innan traumesensitiv omsorg, psykisk helse, sosial kompetanse er ynskjeleg
  • Førerkort klasse B

Kvalifikasjonskrav for miljøarbeidar

  • For tilsetjing som miljøarbeidar er det ynskjeleg med erfaring frå arbeid med ungdom med samansette vanskar i institusjon eller anna relevant erfaring
  • Det er ynskjeleg med erfaring med kunnskapsbasert tilnærming og traumesensitiv omsorg, innanfor fagfeltet ungdom med samansette vanskar
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå å jobbe traumesensitivt og med høgt fokus på å skape tryggleik og tillit hos ungdom
  • Førerkort klasse B

Personlige eigenskapar

  • Det vert stilt krav om gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å motivere andre
  • Ein må være meistringsfokusert og ha evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, men samstundes samarbeide i team
  • Evne å planlegge og gjennomføre oppgåver
  • Sjølvinnsikt og evne til sjølvrefleksjon, samt til å jobbe med eigen kjensleregulering
  • Evne til å ta imot og gjere seg nytte av konkret tilbakemelding på eigen terapeutåtferd
  • Ha god skriftleg førestellingsevne
  • Evne til å kunne stå i krevjande situasjonar over tid og vise fleksibilitet og vere tydeleg i utfordrande situasjonar
  • Det blir lagt stor vekt på personlige eigenskapar og kvalifikasjonar

 Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som miljøterapeut i kode 1489, barnevernspedagog i kode 1495, vernepleiar i kode 1508 og sosionom i kode 1494 i lønnsramme 15, alt. 3-10, p.t. kr 371 500-488 500 pr. år (ltr. 38-56) 
  • Stillingskode 1510 spesialutdannet barnevernspedagog, kode 1509 spesialutdannet vernepleiar, kode 1185 spesialutdannet sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog og 1173 klinisk sosionom i lønnsramme 18, alt. 3-10, p.t. kr 397 200-524 200 pr. år (ltr. 43-60) 
  • Stillingskode 1486 som miljøarbeidar i lønnsramme 4, alt. 3-10, p.t. kr 310 900-397 200 pr. år (ltr. 23-43) 
  • Stillingskode 1488 miljøterapeut (fagutdannet) i lønnsramme 17, alt 3-10, p.t. kr. 349 800-449 400 pr. år (ltr. 33-51) 
  • Løn vert vurdert etter ei heilskapsvurdering av kvalifikasjonar.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysningar

  • Bufetat ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisera regjeringa si inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
  • Stillinga er for tida lagt til Familieheimane i Region vest, avd. Krabbedalen.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Bufetat er ei IA (Inkluderande Arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktperson for stillinga
Avdelingsleier Jeanette Grindeland tlf 466 19 627, mail jeanette.grindeland@bufetat.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju eller leggjast ved elektronisk.

Søknadsfrist: Søknadsfrist løpande

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Løpende
  • Arbeidsgiver
    Barne-, ungdoms- og familieetaten
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160404
  • Intern-ID
    Vest 74/18
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger