Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Stipendiat (4) i informatikk

Ved Institutt for informatikk er det ledig fire stillingar som stipendiat i informatikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er i dag avgjerande viktig for gjennomgripande samfunnsendringar. Som følgje av dette er behovet for IKT kompetanse i samfunnet stort, og ein ph.d-grad i informatikk er svært etterspurd innan både næringsliv, forvaltning og akademia

 

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgruppar som leverer forsking og utdanning av høgt internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene er medfinansiert med forskningsstipendier, blant anna av Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet er rangert som nummer en i Noreg med omsyn til vitskapskvalitet av Noregs forskingsråd i alle eksterne evalueringar hittil. Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking av høg internasjonal kvalitet. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-,master- og ph.d.-nivå.

 

Om arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett skal arbeide mot en ph.d-grad innanfor et av dei sju forskingsretningane som er lista ovanfor innan utgangen av åremålsperioden, under rettleiing. Den som vert tilsett for fire år vil i tillegg ha oppgåver retta mot undervisning, formidling og rekruttering i 25% av tida si.

 

Vi er søkjer framifrå kandidatar innan kvar av dei sju forskingsretningane våre. Vi er i ferd med å ekspandere innan følgjande retningar, og er difor interesserte i søkjarar spesielt innan desse retningane:

  • Maskinlæring
  • Industriell optimering / operasjonsanalyse
  • Første ordens logikk
  • Robust og sikker programvare via typeteori og formelle bevis for korrekthet

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk eller matematikk eller eit relatert område. Masterstudentar kan søkje dersom mastereksamen fullført seinast 15.02.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må kunne vise til bakgrunn i mist et av områda algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, visualisering, sikker kommunikasjon og programutviklingsteori. Søkjarar med bakgrunn i maskinlæring, programutviklingsteori (logikk og programvaresikkerhet) og optimering vil verte prioritert.
  • Du må ha interesse for forsking og utvikling, og vere nysgjerrig og motivert.
  • Erfaring frå undervisning, til dømes som gruppeleiar, er ein føremon.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.
  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av oppgåver relatert til undervisning, formidling og rekruttering fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.


Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ein klar indikasjon på kva for forskingsretning du ynskjer å ta en PhD-utdanning i og ei kort prosjektskisse
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i jobbnorge.no innan 9. desember 2018.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Pinar Heggernes.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    9. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160197
  • Intern-ID
    2018/12493
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger