Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Forsker i kryptologi

Ved Institutt for informatikk, Selmersenteret for sikker og pålitelig kommunikasjon, er det ledig ei mellombels stilling som forskar i kryptologi.

Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til prosjektet Moderne metodar og verktøy for teoretisk og anvendt kryptologi (CryptoWorld), som er finansiert av Norges forskingsråd.


Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgruppar som leverer forsking og utdanning av høgt internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene er medfinansiert med forskningsstipendier, blant anna av Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet er rangert som nummer en i Noreg med omsyn til vitskapskvalitet av Noregs forskingsråd i alle eksterne evalueringar hittil. Alle vitskaplege tilsette vert forventa å bidra til framifrå undervisning, økt internasjonal merksemd og omdøme ved forsking av høg internasjonal kvalitet. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-,master- og ph.d.-nivå.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Analyse, design og implementere symmetriske kryptografi primitiver for å sikre sikkerheit i kommunikasjonsnett som utnytter lette einingar.
  • Fremme teoretisk forståing for bruk av NLFSRs for behova til symmetrisk nøkkel kryptografi og særlig forsking på mogelegheit for bruk av NLFSRs i symmetrisk lettvekts kryptografi.
  • Fremme teoretisk forståing i kodebasert kryptografi og postkvantesikkerheit.
  • Etablere nye metodar for algebraisk kryptanalyse i symmetrisk nøkkel kryptografi.
  • Bidra til å byggja ein sterk forskargruppe ved Institutt for informatikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utdanning innanfor fagområda informatikk eller matematikk.
  • Dokumentert forskingserfaring i kryptografi, spesielt i matematiske metodar for kryptanalyse.
  • Personleg styrke i samarbeid og evne til å arbeide som eit medverkande medlem av ein forskingsgruppe.
  • Ferdigheitar i skriftleg og munnleg engelsk.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
  • Søkjaren må vise stort vitskapleg potensial for få utføra forsking på eit høgt internasjonalt nivå.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Kandidatar må gi ei kort beskriving (1-3 sider) der dei presenterer sine forskingsbidrag og korleis dei kan bidra til de vitskapelege oppgåver ovanfor
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadsfrist 1.12.2018.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Tor Helleseth, telefon: (+47) 55584160, epost: tor.helleseth@uib.no

eller til instituttleder

Professor Pinar Heggernes: (+ 47) 55584175, epost: Pinar.Heggernes@uib.no


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160195
  • Intern-ID
    2018/12815
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger