Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie – st. nr. 48/2018

Ved Høgskulen i Volda er det ledig stilling som dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Stillinga er på åremål i fire år frå 1.8.2019.

Høgskulen er inne i ei spanande utvikling med fleire studentar, stor byggeaktivitet, altomfattande digitalisering og stadig høgare krav til kvalitet, samarbeid og samhandling både internt og eksternt. Vi treng difor engasjerte leiarar som kan gjere høgskulen til ein endå betre leverandør av kompetanse til offentleg og privat sektor.

Høgskulen i Volda ligg ved dei majestetiske Sunnmørsalpane, midt i regionen der Kvivsvegen og Eiksundsambandet har bidrege til utvida bu- og arbeidsmulegheiter. Med rundt 4.000 studentar og 350 tilsette er høgskulen den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal og tilbyr fag- og profesjonsutdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå for skule- og barnehage, velferd, media og kultur.

Dei strategiske hovudsatsingane er grunnskulelærarutdanninga, yrkesretta medieutdanning, nynorsk språk og litteratur, fleksible utdanningstilbod og ph.d. i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde.

Avdeling for samfunnsfag og historie
Avdelinga har ansvar for utdanningar i sosialt arbeid, samfunnsfag i lærarutdanningane, planlegging, leiing og historie. Ein tilbyr studium på bachelor, master og ph.d-nivå, sistnemnde i samarbeid med Høgskolen i Molde. Avdelinga har fleire sterke fagmiljø, med høg andel første- og toppkompetanse. Avdelinga består av tre institutt som alle er aktive i forskings- og utviklingsarbeid og deltek i nasjonale og internasjonale samarbeid. Fagmiljøa har godt samarbeid med mellom anna Senter for profesjonsforsking og fagmiljø i UH-nett Vest. Det er omlag 75 tilsette ved avdelinga.

Ansvarsområde
Dekanen har det overordna faglege og strategiske ansvaret for avdelinga sine oppgåver innan utdanning, forsking, utvikling og formidling. Det er dekan sitt ansvar at avdelinga sine mål og strategiar er i samsvar med organisasjonen sine. Dekan har ansvar for studiekvalitet, studentrekruttering og internasjonaliseringsverksemd.

Det økonomisk-administrative ansvaret for avdelinga ligg til dekan. Dekan skal legge til rette for og stimulere til samarbeid og informasjonsdeling internt på avdelinga, på tvers av avdelingane og med eksterne aktørar. Dekan er avdelinga sitt talerør og representerer avdelinga overfor offentlege styresmakter, samarbeidspartar og ålmenta.

Dekan rapporterer til rektor i faglege saker og til høgskuledirektøren i administrative saker. Dekanen er med i høgskulen si strategiske leiargruppe og har medansvar for ei heilskapleg utvikling av høgskulen.

Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om høgare utdanning på masternivå eller høgare. Søkjarar bør ha erfaring med undervisning og FoU-arbeid frå høgare utdanning, og kompetanse tilsvarande fyrstenivået for sektoren. Anna særskild relevant kompetanse kan også vurderast. Den som vert tilsett må ha kunnskap om arbeidslivet sine behov for kompetanse på avdelinga sitt arbeidsfelt. Ein bør også ha god forståing for samspelet mellom profesjons- og disiplinfaglege aktivitetar innan både forsking og utdanning.

Vi søkjer ein person med svært gode samarbeidsevner, gode leiareigenskapar, leiarerfaring og høg arbeidskapasitet. Det vil bli lagt vekt på evne til strategisk tenking og gjennomføring samt økonomisk og administrativ kompetanse. Innsikt i og erfaring frå organisering og drift av høgare utdanning er ein fordel.

Erfaring med prosjektarbeid og internasjonalisering vert vektlagt.

Det vert stilt krav til god skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk og engelsk. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt, og det er ein fordel med god kompetanse på digitale verktøy. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga er på åremål for perioden 1.8.2019 – 31.07.2023, med høve til forlenging etter utlysing. Åremålstilsetjinga kan totalt utgjere 12 år. Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg etter nærare avtale.

Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar etter statens lønsregulativ, lønsplan 17.500,dekan stillingskode 1474. Løn etter avtale.

Søknadsfrist: 31. desember 2018

Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling. Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge og vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Dokument/filer skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- CV
- vitnemål og attestar

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven», samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte rektor Johann Roppen tlf. 70 07 50 20 eller personalsjef Randi Urke tlf. 70 07 50 40/91 86 12 27.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen i Volda
  • Nettside
  • Kommune
    Volda
  • Jobbnorge-ID
    160134
  • Intern-ID
    48/2018
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger