Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Forskar i algoritmer

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei mellombels stilling som forskar i algoritmar

Stillinga er for ein periode på 1 år med mogligheit for forlenging med eit år, på prosjektet ”Multivariate Algorithms: New domains and paradigms” finansiert av Noregs Forskingsråd gjennom programmet FRIPRO.

 

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgruppar som leverer forsking og utdanning av høgt internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene er medfinansiert med forskningsstipendier, blant anna av Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet er rangert som nummer en i Noreg med omsyn til vitskapskvalitet av Noregs forskingsråd i alle eksterne evalueringar hittil. Alle vitskaplege tilsette vert forventa å bidra til framifrå undervisning, økt internasjonal merksemd og omdøme ved forsking av høg internasjonal kvalitet. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Kandidatene vil arbeide med professor Fedor Fomin og medlemmer av forskningsgruppen i algoritmer ved Universitetet i Bergen. Målet med prosjektet er studiet av multivariate algoritmar. Forskingsområdet er algoritmar og kompleksitet.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad i informatikk eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha en solid publikasjonsrekord innan algoritmer og kompleksitet (som approximation algorithms, parameterized algorithms, dynamic algorithms, on-line algorithms). Toppkonferanser i dette området inkluderer STOC, FOCS, SODA, ICALP, og ESA

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 515 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i jobbnorge.no. Søknadsfrist: 15. januar 2019.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Fedor Fomin Fedor.Fomin@ii.uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. januar 2019
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160087
  • Intern-ID
    2018/12621
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger