Universitetet i Bergen

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førsteamanuensis i religionsvitskap

Førsteamanuensis i religionsvitskap med spesialisering i islam

 

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i religionsvitskap med spesialisering i islam.

 

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religionar som kulturelle fenomen. Perspektivet er krysskulturelt og samanliknande. Instituttet tilbyr undervisning og forsking innafor eit breitt spekter av religionar, med undervisning og rettleiing på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Det er for tida 9 faste vitskaplege stillingar i religionsvitskap ved instituttet.

 

Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, må ha forskingskompetanse i religionsvitskap tilsvarande norsk doktorgrad. Ved vurderinga vil det bli lagt vekt på solid og brei religionsvitskapleg kompetanse. I tillegg er det krav om spesiell kompetanse om islam for denne stillinga. Den som blir tilsett må ha omfattande forskingskompetanse på tema relatert til islam, og ha god kunnskap i arabisk eller eit anna kjeldespråk som er relevant for studiet av islam. Forsking frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt. Dokumentert solid og brei undervisingserfaring om islam og i religionsvitskap generelt er eit krav.

 

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Søkjarane må kunne undervise og rettleie på alle nivå i religionsvitskap, inkludert nettbaserte kurs. Søkjarane må kunne undervise om islam og andre religionsvitskaplege emne, inkludert teori og metode.

 

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege profil i åra framover blir derfor tillagt vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt.

 

Pedagogisk basiskompetanse er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Vi kan tilby

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1011/LR24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 565.100,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Kontaktinformasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med instituttleiar, professor Jan Heiret, per e-post, jan.heiret@uib.no eller tlf. + 47 55 58 97 62, eller fagkoordinator for religionsvitskap, professor Håkan Rydving, per e-post, hakan.rydving@uib.no eller tlf. +47 55 58 24 47.

 

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN».

 

Dette må vere inkludert i søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

6. Publikasjonsliste (som vedlegg)

7. Inntil 5 vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga

8. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format. Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.

 

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

 

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

 

Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

For meir informasjon om tilsettingsprosessen klikk her.

 

Søknadsfrist: 2. desember 2018

Søknaden skal merkast: 18/12620.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160065
  • Intern-ID
    18/12620
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger