Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor i evolusjonær økologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som postdoktor i evolusjonær økologi. Stillinga er knytt til forskingsgruppa (EvoFish, https://www.uib.no/en/rg/evofish) og forskingsprosjektet «Cost of life-history adaptations: Multiple-trait consequences of fisheries-induced evolution» (Kostnadar av livshistorietilpassingar: multi-trekk konsekvensar av fiskeriindusert evolusjon; https://www.uib.no/en/rg/evofish/120408/cost-life-history-adaptations-guppies), finansiert av Forskingsrådet (FRIMEDBIO). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til å bli forlenga med 3–6 månader beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Prosjektet har som mål å forstå dei komplekse måtane som organismar betalar kostnadar for å tilpasse seg eksterne stressfaktorar, for eksempel auka dødelegheit forårsaka av hausting. Prosjektet utnytter avlingslinjer av guppy som har blitt utsatt for forskjellige typer størrelsesavhengig hausting.Prosjektet omfattar både eksperiment med levande fisk og molekylære analysar av eksperimentelle dyr for å karakterisere variasjonen i fenotypiske eigenskapar både på makroskopisk og mikroskopisk nivå, støtta av avanserte metodar for dataanalyser.Arbeidet inneber samarbeid med partnarar i Noreg, Skottland, Canada og USA.Postdoktoren er venta å spele ei sentral rolle i alle deler av prosjektet, derunder planlegging og gjennomføring av eksperiment og analysar, tilsyn med laboratoriearbeid, samt rapportering og formidling av resultata.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor evolusjonsbiologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha ein solid forståing av evolusjonær biologi, livshistorieteori og fiskebiologi, og ha sterke kvantitative ferdigheter for dataanalyse. Erfaring frå arbeid med fiskeåtferd og fysiologi er eit krav. Erfaring med forsøk med små fiskeartar som guppy er ein føremon. Erfaring frå evolusjonære eksperimenter er ein føremon. Erfaring frå tilsyn med laboratoriearbeid og studentar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: Søkjaren må være kvalifisert til å jobbe med levende dyr (FELASA C eller tilsvarande).

Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljøløn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskassestilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinganamn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Mikko Heino (Institutt for biovitskap, mikko.heino@uib.no  / tel. 55 58 45 44).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    160026
  • Intern-ID
    2018/12471
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger