Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland blir ein organisasjon frå 1. januar 2019.

Jurist - årsvikariat

Har du lyst til å jobbe som jurist med spennande rettsområde? Fylkesmannen har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss.

                                                                                         

Vi har ledig eit årsvikariat for jurist i embetet. Kontorplass er Leikanger. Fylkesmannen har ansvar for sakshandsaming, rettleiing om regelverk og tilsyn innanfor mange ulike generelle og spesielle rettsområde.

 

Vi søkjer etter jurist med erfaring frå eller interesse for plan- og bygningsrett. Ved eventuell intern rokkering kan det bli aktuelt med oppgåver innan andre rettsområde, som t.d. rettshjelp, kommunalrett og saker etter ekteskapslova.

Frå 1.1.2019 vert Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slått saman. Stillinga vil frå 01.01.2019 vere organisatorisk plassert i seksjon for kommuneforvaltning og -samordning. Arbeidsstaden vil framleis vere Leikanger.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Cand. Jur. / Master i rettsvitskap

  • ønskjeleg med relevant arbeidserfaring

 

Vi ønskjer at du er:

  • fagleg trygg

  • positiv og fleksibel i innstillinga til arbeid med ulike rettsområde

  • pliktoppfyllande, strukturert og sjølvstendig

  • samarbeidsvillig, nysgjerrig og kreativ i samspel med andre

  • god til å framstille faget munnleg og skriftleg (begge målformer)

 

Som tilsett hos Fylkesmannen får du:

  • arbeide i eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø

  • fagleg og personleg utvikling i ein stor organisasjon med både regionalt og nasjonalt engasjement

  • omfattande kontakt med kommunar og samarbeidspartar

  • fleksibel arbeidstid

  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning

 

Dei som blir tilsette får lønn som rådgjevar med lønsspenn kr 452 400 - 550 400,- brutto pr. år (lønssteg 53 - 64) i Statens lønsregulativ. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

 

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

 

Du kan be om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje skal du varslast.

 

Nærare opplysningar om stillingane får du hjå juridisk sjef Anne Kristin Eitungjerde, telefon 57643172, mobil 952 81 370, e-post: fmsfake@fylkesmannen.no eller ass. juridisk sjef Marie Solvoll Lyby, telefon 57643115, e-post fmsfmly@fylkesmannen.no

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    19. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Nettside
  • Kommune
    Leikanger
  • Jobbnorge-ID
    160014
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger