Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine mer enn 60 lokalkontor.

Vil du bidra til å styrkje Miljødirektoratets arbeid med vassmiljøtiltak?

Har du erfaring frå nasjonal, regional og/eller lokal forvalting og/eller frå ein sektor som har juridiske eller økonomiske verkemiddel som er relevante for vatn? Er du god på samarbeidsprosessar gjennom regionalt planarbeid eller andre forvaltingsprosessar? Vi søkjer ein seniorrådgivar som kan bidra til å styrkje arbeidet vårt med sektorsamarbeid og miljøtiltak innan vassforvalting.

Stillinga inneber utstrekt kontakt med både norsk og nordisk forvalting og andre aktørar gjennom arbeidet med regionale vassforvaltingsplanar og tiltaksprogram. Sektorsamarbeid og koordinering, strategisk arbeid knytte til verkemiddelbruk og tiltak, tilskotsbehandling samt kompetansebygging gjennom å halde foredrag og utarbeiding av kurs/rettleiing ligg også til stillinga.

Miljødirektoratet er under omorganisering. Vasseksjonen blir ein av 6 seksjonar i Avdeling for vatn og kunnskap. Med godt vassmiljø og berekraftig bruk som hovudmål, har vasseksjonen ansvar for å følgje opp heilskapleg og samordna vassforvalting etter vassforskrifta. Oppgåver på seksjonen er knytte til arbeidet med EU sitt vassdirektiv, samordning av aktørar i vassforvaltinga, oppfølging av arbeidet med regionale vassforvaltingsplanar, miljøtiltak i vatn, og systemet for økologisk og kjemisk tilstand samt kartlegging av natur i ferskvatn. Seksjonen får i tillegg det nasjonale ansvaret for arbeidet med kalking og restaurering av vassdrag samt oppfølging av jordbruk og vassmiljø. Seksjonen skal sikre ei heilskapleg samordning av vassarbeidet i Miljødirektoratet, forvalte tilskotsordningane knytte til generell vassforvalting og ha ansvar for fagsystema Vann-Nett og Vannmiljø og nettsida Vannportalen.no.

Seksjonen vil få om lag 17 engasjerte og dyktige medarbeidarar og har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo.

Vi søkjer etter ein seniorrådgivar med minimum 5 års allsidig forvaltingserfaring, som kan bidra til å styrkje vassmiljø- arbeidet vårt mellom anna opp mot jordbrukssektoren. Det må påreknast reiseverksemd då vi er ein geografisk delt seksjon med medarbeidarar i både Oslo og Trondheim, og som også har ansvar for oppfølging av europeisk arbeid tilknytt vassdirektivet. Arbeidsstad for denne stillinga er Helsfyr i Oslo eller Brattøra i Trondheim.

Stillinga sine hovudansvarsområde

  • Vassforvalting med hovudvekt på sektor- og tiltaksoppfølging
  • Koordinering av Miljødirektoratets fagseksjonar og ansvaret deira etter vassforskrifta
  • Nordisk samarbeid om grensevassdrag
  • Vurdering av tilskotssøknader

Det må påreknast at oppgåveporteføljen kan endrast noko som følgje av dei ulike fasane i vassforvaltinga og som følgje av omorganiseringa.

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad innan eit relevant fagområde er eit krav, eksempelvis innan vassfag, forureining, arealforvalting og/eller natur- og ressursforvalting.
  • Minimum 5 års allsidig erfaring frå lokal, regional eller nasjonal forvalting, vassforvalting eller anna relevant forvalting (avløp, jordbruk, akvakultur, drikkevatn, industri, vasskraft, samferdsel med meire) vil vektleggjast.
  • God kjennskap til regelverket innan forvalting av vatn, medrekna vassforskrifta vil vektleggjast
  • Erfaring med samarbeidsprosessar og prosjektstyring er ønskjeleg

Eigenskapar

  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Evne til å vere løysingsorientert
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
  • God evne til å arbeide sjølvstendig
  • Kunne handtere og trivast med ein uføreseieleg arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • fast stilling
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som seniorrådgivar frå kr. 524.200,- ltr. 60) til kr. 658.300,- ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Line Fjellvær på telefon 975 66 362/line.fjellvar@miljodir.no. Spørsmål om søknadsprosessen kan også stillast til Ingrid Krohn-Hansen på telefon 988 07 145/ingrid.krohn-hansen@miljodir.no.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge. 

Søkjarlista vil bli offentleg når søknadsfristen er gått ut. Vi gjer merksam på at søknaden din kan bli offentleg sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jfr. offentleglova §25. Dersom det skjer, vil vi gi deg melding slik at du får høve til å trekkje søknaden din.

Her er lenke til vår personvernerklæring.


Referanse: 69-2018 AVA    Søknadsfrist: 18. november 2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Miljødirektoratet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo, Trondheim
  • Arbeidssted
    Helsfyr, Oslo eller Brattøra, Trondheim
  • Jobbnorge-ID
    159986
  • Intern-ID
    69-2018 AVA
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger